Kafkaprosessen

I kjølvatnet av flyktningkrisa i 2015 lanserte regjeringa ei rekke tiltak for å redusera innvandringa. “Innstramninger II”, som var namnet pakka fekk,  gjaldt ikkje berre for asylsøkjarar og flyktningar. Ho inkluderte ei rekke nye vilkår for familieinnvandring og permanent opphald.

Det mange av oss ikkje ser ut til å vera klar over, eller i alle fall ikkje tenkja så nøye over i innvandringsdebatten, er at strenge vilkår for familieinnvandring ikkje berre gjeld for familien til innvandrarar. Den dagen du giftar deg med ein person frå eit land utføre Europa, må du gjennom ein byråkratisk og tidkrevjande søknadsprosess og oppfylla ei rekke strenge vilkår for at ektefellen din skal få koma og bu i lag med deg i Noreg. Det hjelper ikkje om du er aldri så mykje norsk statsborgar, kvit og majoritetsnordmann tre generasjonar tilbake i tid.

I arbeidet med doktorgradsavhandlinga mi intervjua eg personar som hadde søkt om familieinnvandring til Noreg og ektefellane deira. Mange av dei norske ektefellane var det svært provoserande og overraskande at staten skulle ha rett til å grava i deira privatliv for å leita etter proformaekteskap og tvangsekteskap. Eller endå verre, at ein faktisk risikerer at statens representantar i byråkratiet vedtar at den du elskar ikkje får bu i lag med deg Noreg.

Eit forskingsprosjekt frå Storbritannia kastar lys situasjonen til dei av oss som opplever at landegrenser og innvandringskontroll bryt sund kvardagslivet og familielivet. Forskarane Melanie Griffiths and Candice Morgan har følgd 30 familiar der kvinna er britisk statsborgar og mannen ikkje lengre har gyldig opphald og risikerer deportasjon. Dette er par som sjølv om dei er gift og har barn i lag ikkje får familieinnvandring på grunn av ei rekke reglar innført for å hindra innvandring og gjera det enklare å kasta folk ut.

Desse familiane lever med koffertane pakka og i konstant frykt for at politiet skal koma på døra og senda far og ektemann på utlendingsinternat og ut av landet. Denne konstante usikkerheita gjer at ein aldri kan planlegga noko som helst og lever i konstant unntakstilstand. Ikkje ulikt situasjonen til flyktningfamiliar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden.

Dei britiske kvinnene i familiane har gjerne fleire jobbar og arbeider lange skift for å forsørgja familien og dekka skyhøge utgifter til søknader og advokathjelp. På grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen følte nokre kvinner seg tvungne til å droppa foreldrepermisjon og slutta med amming. Mennene på den andre sida sliter med at dei ikkje kan forsørgja og trygga familien sin fordi dei ikkje har lov til å jobba og ikkje har rettar i landet dei bur i. I staden for å bidra til familien er dei ekstremt avhengige av kona.

Kvinner må greia seg som åleineforsørgjarar og barn veks opp utan far når mennene blir sperra inne i påvente av deportasjon eller deportert. Myndigheitene ber kvinnene og barna om å bli med far og ektefelle til landet han blir deportert til eller leva familielivet via Skype. Forståeleg nok går dette hardt ut over dei britiske kvinnene og barna si kjensle av å høyra til i Storbritannia og øydelegg den tilliten ein eingong hadde til staten.

I likskap med ei av dei eg intervjua i forskingsprosjektet om regulering av familieinnvandring til Noreg, så skildra kvinnene i denne britiske studien heile situasjonen som ein “Kafkaprosess”. For kvar gong europeiske politikarar vedtek nye innstrammingar, vil fleire av oss bli vikla inn i slike Kafkaprosessar. Det er eit resultat av ei innvandringspolitisk linje som på fint heiter “streng men rettferdig”.

Les også:

Illustrasjonsbilde: Deportation av Mckeyhan Mancini, CC BY 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content