List

Døy på vegen eller døy der du er, men kom ikkje her. Det syns å vera bodskapen i denne grenselaust kyniske politikken. Eg skriver om regjeringas forslag til innstrammingar i VG i dag.

I romjula, medan ekspertar, kommentatorar, opposisjonspolitikarar og folk flest hadde ferie, la regjeringa fram forslag til innstrammingar i asylpolitikken. Mange har vore på banen og kritisert Listhaug for måten ho presenterte forslaga på. Andre har påstått at forslaga strider med internasjonale konvensjonar Noreg er forplikta av. Det som manglar, fram mot høyringsfristen 9. februar, er debatt om realiteten i forslaga. Dei faktiske konsekvensane av politikken må på bordet.

Eit samla Storting, med unntak av SV og MDG, har bedt regjeringa føreslå innstrammingar, og her er hovudpunkta: For det første vil regjeringa ha strengare beviskrav i asylsaker, slik at færre får beskyttelse mot forfølging, tortur og umenneskeleg handsaming. For det andre skal flyktningar skiljast frå ektefelle og barn i all overskodeleg framtid. Her legg Listhaug lista.

Ein asylsøkjar som får flyktningstatus har – enn så lenge – rett til å få ektefelle og mindreårige barn til Noreg. Grunnen er enkel. Ein skal ikkje måtta velja mellom å bli forfølgd eller skild frå ektefelle og barn. Det ville vore umenneskeleg. Men no vil regjeringa tvinga folk til å gjera nett slike umenneskelege val.

For framtida skal ein ikkje kunne søkja familiegjenforeining før følgjande vilkår er oppfylt: Flyktningen må ha arbeidd eller gått på skule i Noreg i 4 år, og tena meir enn 300 000 kroner i året. Med desse vilkåra vil det reint teoretisk – men for dei fleste fullstendig urealistisk – vera mogleg å få familien i tryggleik til Noreg etter nærare 7 år. Her er eit døme:

Ein mann kjem til Noreg etter ei hasardiøs reise frå Syria til Noreg, og søkjer asyl. Han blir plassert i asylmottak og venter 1 år før han får flyktningstatus og blir busett. Han byrjar umiddelbart på introduksjonsprogrammet, kor han i løp av 2 år lærer seg norsk, studerer og er i arbeidspraksis. Etter avslutta program får han umiddelbart fulltidsjobb med ei årsløn på over 300.000 kroner. Etter 2 år i jobben oppfyller han både inntektskravet og vilkåret om fire års arbeid. Då kan ektefellen og barna ta seg til næraste norske utanriksstasjon for å søkja. Søknaden blir sendt til Noreg for handsaming, og ventetida er i dag er på omlag 18 månader for søkjarar frå Syria. Når svaret på familiens søknad kjem, er det gått 6 ½ til 7 år sidan han kom til Noreg.

Men 6-7 års ventetid er i teorien. Dersom ein ikkje tek høgde for at ventetida i mottak ofte er lenger enn eitt år. Dersom ein ikkje tek høgde for at under halvparten av flyktningane får jobb eller studieplass rett etter introduksjonsprogrammet. Dersom ein ikkje tek høgde for etnisk diskriminering i den norske arbeidsmarknaden. Dersom ein ikkje tek høgde for at 300 000 kroner er langt over gjennomsnittsinntekta for flyktningar som har vore her i 4 år.

Mange av oss vil kanskje heller risikera forfølging og død enn å la ungane våre og den me elskar vera åleine igjen i ei krigssone i kanskje 7-10 år, utan at du kan gjera noko som helst for å hjelpa eller trygga dei. Og i løp av alle dei åra vil sjølv små barn bli 18 år, og ikkje lengre ha rett på familiegjenforeining uansett. Då ville me kanskje takka nei til opphaldsløyvet og reist, for å leva eller døy, men i alle fall møta skjebnen i lag med dei ein elskar. Nettopp dette er det kyniske føremålet med politikken: at folk skal reisa igjen sjølv om dei får opphald, eller helst aldri koma.

Det finst eit tredje alternativ. Mange familiemedlemmar til flyktningar vil ha krav på beskyttelse på individuelt grunnlag. Men då må heile familien leggja ut på den hasardiøse turen til og gjennom eit Europa der det ikkje finst ei einaste lovleg reiserute. Me har sett nok døde barnelik i Middelhavet til å vita så alt for godt at du ikkje gjerne legg i veg med barna dine på armen. Men når moglegheita til familiegjenforeining er stengd for all overskodeleg framtid, kva alternativ har du?

Skulle du til slutt lukkast i å få heile familien nokolunde heilskinna gjennom Europa og til Noreg, så vil du møta ein ny og høgare mur av beviskrav, laga for at me skal kunna avslå søknadene.

Ein forkorta versjon av dette innlegget er publisert i VG 25. januar 2016 og fulltekst på Maddam.no 26. januar.

Illustrasjonsbilde: Justis og beredskapsdepartementet: Listhaug intervjues i media, CC BY-ND 2.0

One Response to “Listhaug legg lista”

  1. Fristen for lista til Listhaug - Helga EggebøHelga Eggebø

    […] dag er siste frist for å gje beskjed til Listhaug og regjeringa om kva me meiner om deira angrep på asylinstituttet og grunnleggande […]

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]