Kva med å ta det litt tungt?

Eg strever ofte med skrivinga og forskinga. Det er ikkje ein enkel jobb. Sjølv om eg har erfaring og rutinar blir arbeidet aldri plankekøyring eller rutineprega. Det er alltid noko nytt å finna ut av, læra seg og øva på. Alltid nye idear og meir kritikk som gjer at ein må strekka seg litt lenger. Frå tid til annan går det ut over nattesøvnen og livet. I ein tekst i Forskerforum skildra eg ein skriveprosess på denne måten:

I den perioden sov eg dårleg fordi eg redigerte tekst i hovudet om natta. Eg stod på leikeplassen om ettermiddagane med ei gnagande uro og grubla på løysingar, heilt ute av stand til å engasjera meg i leiken. Eg vegra meg sånn for å låsa opp kontordøra om morgonen at eg nesten fekk lyst til å spy. I tillegg kritiserte eg meg sjølv for å ta det heile så tungt.

Innimellom får eg velmeinande råd: Kanskje du skulle ta litt meir lett på det? Kanskje lista ligg for høgt? Kanskje løysinga er å seia til deg sjølv at 85 prosent er godt nok?

Undertonane eg høyrer er at eg kan takka meg sjølv for uroa og grublinga. Det er noko feil med meg som er så «perfeksjonistisk» og nevrotisk. Eg høyrer den nedsettande merkelappen «flink pike» i overtonane. Flinke piker er pliktoppfyllande og stressa, ikkje smarte og avslappa. Flinke piker får gode resultat, men gjer aldri noko oppsiktsvekkande og kreativt. Flinke piker følgjer reglane til punkt og prikke, men dei tenkjer aldri utføre boksen. Flinke piker er patetiske fordi dei er så hardtarbeidande og emosjonelle. Dei gjer ting rett, men feilar fullstendig i å ta litt lett på det. Dei har medynk med, men ikkje respekt for flinke piker.

Men søren heller. Å streva er å utvikla seg. Å prøva på nye ting er vanskeleg, men modig. Eg har ikkje lyst til å laga halvdårlege greier fordi eg tek lett på det. Eg har ikkje lyst til å vera den middelmådige slasken som leverer for dårleg for seint og som likevel søv som eit barn om natta. Eg har ikkje lyst til å vera den forskaren som alltid er overtydd om min eigen suverenitet og vassar skamlaust ut i salaten heilt utan sjølvrefleksjon. Eg har ikkje lyst til å vera sjølvhevdande på syltynt grunnlag og blind overfor svakheitene ved arbeidet mitt. Eg syns ikkje det står respekt av å gjera ein slurvete artikkelrevisjon. Kva er vitsen med å få teksten på trykk dersom han er så lettvint at det ikkje er verd å lesa.

Her er mitt svar neste gong nokon føreslår at eg skulle ta litt meir lett på det:

Nei, eg har ikkje tenkt å ta lett på det. Eg er ei flink pike som lyttar til kritikk. Eg er så trygg, erfaren og klok at eg kan bruka kritikk til å utvikla meg og arbeidet mitt. Kritisk sjølvrefleksjon er ein del av forskarjobben, og det er heilt fundamentalt for etisk forskingspraksis og skarpe analysar. La meg gje deg eit godt råd: Kanskje du skulle ta litt tungt på det? Seia til deg sjølv at 100 prosent er målet, så kanskje du oppnår 85 i alle fall? Kanskje du burde vera litt meir søvnlaus og unnskyldande så dårleg som du leverer? Kanskje det kunne vore nyttig å stressa litt meir slik at du faktisk blir ferdig i tide? Kva med å omdisponera nokre av dei kreftene du brukar på kaffidrikking og skamlaus sjølvskryt til å produsera noko som det faktisk er bra skrive og interessant lesing?

Foto: Karoline O.A. Pettersen

1 thought on “Kva med å ta det litt tungt?”

  1. Takk for at du skriver dette! Helsing ei som kjenner seg igjen i fleire av disse skildringane, og som står på trappene til phd- og akademia-livet.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content