Ruffenruta

Hugsar du sjøormen Ruffen? Ruffen bur på ei øy som berre er synleg kvar tysdag og torsdag. Kollektivtransporten her i Nordland fungerer mykje på same måte, om enn noko mindre påliteleg enn denne øya til Ruffen.

Det går ein ekstra hurtigbåt mellom Bodø og Steigen kvar tysdag og torsdag (og fredag); på heilt ulike tidspunkt og utan logisk korrespondanse med noko som helst. Me har døypt ho Ruffenruta (det vil seia, min kollega Mari Helenedatter Aarbakke har døypt ho Ruffenruta). Eit par gonger i veka er altså Steigen “synleg” for omverda heile to gonger for dagen.

De som har tenkt dykk på besøk kan notera dykk at det er litt ekstra om å gjera å rekka båten hit. Mistar du han kan du prøva igjen om 24 timar. Det går ein buss, men den går  samstundes med båten; mistar du båten så mistar du bussen i same slengen. Så er det gjort til jul.

For ei lita stund sidan skulle eg innom ein endå meir avsidesliggande del av kommunen. Ein må kanskje ikkje vera rakettforskar for å kunne tolka den båtruta, men doktorgrad i samfunnsvitskap viste seg i alle fall å vera utilstrekkeleg.

Båten går noko sånn som måndag-onsdag morgon, men då berre for fastbuande. Onsdag og fredag ettermiddag; i prinsippet både for fastbuande og andre, men berre dersom ein ringer, og berre på bestemte datoar lista med litan skrift. Og dessutan viste alt seg å vera feil fordi dei nett hadde gått over til vinterrute.

Eg har ringt 177 Nordland nokre gonger dei siste månadene. Etter at eg har leita og leita i båtruter og bussruter, kjem eg fram til at det er nøydd til å vera ei rute eller to her eg ikkje har fått med meg. Det kan vel ikkje vera slik at det ikkje er mogleg å koma seg med buss frå Henningsvær slik at ein rekk den einaste båten til frå Svolvær til Bodø? spør eg. “Jo, det stæmme det”. Kan 177 stadfesta.

Då eg tok opp dette under lunsjen på jobb lo dei litt av meg. Du ringer ikkje til 177! Dei veit ingen ting. “Du må ring han Leif! De e han som kainn de dær”. Å, ja.

Ettersom det går så få båtar, så er me alle nøydde til å vera på den båten som går. Sist eg skulle frå Bodø og heim var det reine bygdetreffet på kaia. Først trefte eg på Karoline. Medan eg skravla med ho, dukka den lokale kajakkguiden opp på sykkel. Og der var Maria og Eva. Og då eg sette meg, sat eg plutseleg rett ved sida av Tore. Sjølv ein tilflyttar som eigentleg ikkje kjenner nokon endå, trefte plenty med kjentfolk.

Over blikkstille hav steig fullmånen opp på eine sida av båten, medan sola gjekk ned i havet på andre sida. Det finst vel ingen finare stad på jorda! God stemning å vera Steigenværing på Ruffenruta. Kva skal du eigentleg med fleire båtavgangar?

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content