Dit toget ikkje går

Tilbake ein tur i Oslo, er det nokre ting eg ser i eit litt anna perspektiv enn før. 

I helga skulle eg frå Sandvika til Oslo. Det skulle vel vera omlag like langt som frå Leines til Nordfold. På førstnemnte strekning går det fire tog i timen, minst, både seint og tidleg. Frå Nordfold til Leines går det buss til båten nokre få utvalde dagar i veka.

Nett denne laurdagen var det planlagd buss for tog på strekninga Skøyen-Oslo. Det heile var godt planlagd og organisert, så eg vart berre nokre skarve minutt for sein inn til Oslo. På veg tilbake – natt til søndag – gjekk det også heile fire tog i timen. Eller det vil seia fire buss for tog i timen. Imponerande! tenkte eg. Men det var det openbart ikkje alle som var like samde i. På perrongen ved bussen stod ein fyr og remja av raseri, fordi han ikkje var nøgd med at buss erstatta tog. Det gjekk så villt føre seg at han vart nekta å gå ombord og NSB-personellet ringte politiet.

Inne på bussen satt ei gruppe pensjonistar frå Asker, som hadde vore ute på bytur. Dei oppførte seg svært så sivilisert, men konstaterte at det var mange som – med rette – var sinte i dag. Buss for tog! Har du høyrd så gale! Då me kom skulle bytta tilbake til tog, viste seg at det var heile 19 minutt til toget skulle gå. “Dette er forferdeleg!” utbrøyt den eine pensjonisten med skjelvande stemme.

Eg måtte le, og tenkte: Dette er ikkje særleg forferdeleg. Det er i verste fall ein bitte litt irriterande strek i rekninga. Prøv innstilt båt med neste avgang om 24 timar. Ikkje går det buss for båt heller (sjølv om det er teknisk mogleg ettersom Steigen er på fastlandet), det kan eg lova deg!

Eg hadde lyst å seia det til dei. Men eg gjorde det ikkje. Eg hadde allereie gått på den smellen eit par gonger i løp av dagen: å snakka til framande. Det gjer ein berre ikkje i Oslo. Sjokkerte og uforståande blikk. Kort svar og drepande taust.

Illustrasjonsbilde: NSB local train Class 72, av Mariano Mantel, CC BY-NC 2.0.

 

1 thought on “Dit toget ikkje går”

  1. Kjell Fredriksen

    Takk for flere tankevekkende innspill og betraktninger om vår samtid. Det er lett å bli “blind” eller i alle fall svaksynt når det gjelder vårt eget hverdagsliv og våre små problemer enten vi bor her eller der. Dessuten er det ekstra stas med noen som skriver så ledig nynorsk.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content