Padleperspektiv

I går starta årets padlesesong, i eit strålande solskin og eit lett lag av nysnø over svaberga. Det gjev eit heilt eige perspektiv på naturen og livet å sitja med vatnlinja i livhøgde og gli stille over vatnet.

IMG_6415

Bente, Marius og eg hadde ein padleavtale på laurdag. Med kaffi og primus i lasteluka glei me ut på eit blikkstille hav. Frå der Bente bur er det hundre meter til skjærgården i Helnessund byrjar. Då kan ein padla i fleire mil i eit vidunderleg padleeldorado.

IMG_6419IMG_6417

 

Kvite sandstrender, grønt hav over sandbotnen, fugleliv og småholmar av alle storleikar. I vest har ein utsikt til Lofotveggen og i aust til Brennviksfjella. Det er vakkert. Magisk vakkert.

IMG_6420

Eg likar å klatre, syns det er fabelaktig å gå i fjellet, trvist med å vera på jakt etter fugl og sopp, og simpelhent elskar å gå på ski. Men padling er noko heilt særskilt. Det er ingenting anna som gjev den samme roa, og den heilt særskilte flyten, både i bostaveleg forstand og i overført tyding.

helgaeggebø1 helgaeggebø2

Viss eg vil ta meg ein padletur, så er det berre å hoppa i ullfroteen og tørrdrakta og tusla ned til naustet som ligg to hundre meter frå huset. Det går på eit kvarter å vera på vatnet, og tre kvarter i båten gjer heile skilnaden. Du treng med andre ord ikkje mykje av eit vindu for å få deg ein tur.

helgaeggebø8 helgaeggebø5 helgaeggebø3

Foto: Karoline O. A. Pettersen og Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content