Naboens hane i vin

Her på Leines er det mange høns som lever det lukkelege livet på landet. Beiter mark, beundrer havutsikten og legg eit egg i ny og ne. Direkte frå distriktet melder at eit par av dei nett endte sine dagar i ei gryte med fransk raudvin. 

Fredag ettermiddag, på veg heim frå jobbreise med trillekofferten på slep, hadde eg planen for fredagskvelden: eg hadde teke på meg oppdraget med å ta Leines gamle hanar av dage før dei nye hønene kom til gards.

Som erfaren rypejegar har eg slakta hønsefuglar før. Dessutan har eg lenge vore lysten på å prøva den klassiske franske bondekosten Coq au vin – hane kokt i vin. Til ein sådan rett er det ikkje unge, møre industribroilarar som er tingen. Ein treng ein heil gamal, tynn og seig hane.

Ikkje alle greier å få tak i gamal hane på ein fredagskveld. Eg skjønar at ein ikkje kan før heile Noreg på lokalt vilt og kortreist villsau, så eg kjenner meg priviligert som kan basera proteininntaket på linefanga fisk, villsau frå naboen og elg frå Steigen. I spedd ein og annan hane. Sånn er livet på landet!

Her var det berre å ta øksa med seg og spasera bort til naboen for å utføra oppdraget. Kort fortald: Slå hanen i svime raskt og effektivt, kapp av hovudet, vinger og føter, dypp raskt i 60 graders vatn  for at fjøra skal løsne. Så er det berre å plukke fuglen, ta ut innvollane, skylla og dela opp, og så er det berre for kokken å gå i gang.

Vinbladet publiserte nett ei fin oppskrift på Coq au vin:

1 kylling eller høne, ca. 1,5 kg
1/2 flaske vin
4 fedd hvitløk, hakket
2 laurbærblad
2 kvister fersk timian eller 1 ts
tørket
200 g bacon
1,5 ts salt
1 ts malt hvitpepper
2 l hønsekraft (eller 2 l vann med
4 terninger hønsebuljong)
2 ss tomatpuré
12 sjalottløk
250 g fersk champignon, delt
i to
2 gulrøtter
Litt hvetemel og smør
Fersk persille, hakket

IMG_0287 mindre

Les om korleis du gjer det og kva vin ein kan bruka i nettutgåva av Vinbladet. Eit privat tips frå kontinentet går ut på at ein blandar i ein god bit med 85 % mørk sjokolade. Litt som i den meksikanske retten mole. Det har eg trua på, så den ingrediensen blir med neste gong dagane er talte for ein gamal hane på Leines.

 

1 thought on “Naboens hane i vin”

Leave a Comment

Your email address will not be published.

Skip to content