Mataukmani

Eg er ikkje den som vanlegvis tyr til steinalderen og darwinisme for å forklara kvifor ein gjer som ein gjer. Men no byrjar eg å lura på om det kan vera eit urgamalt sanke- og overlevingsinstinkt som tek fullstendig overhand om hausten.

Ein ettermiddag denne veka var planen å slappa av, ettersom eg var litt forkjøla. Men før eg gjekk heim skulle eg nett berre ein liten tur i skogen for å sjå om eg fann litt kantarell.

Plukke sopp

Dette var berre få dagar etter at me hadde funne 16 kg, og i løp av eit kvarter var tilitersbøtta full av piggsopp igjen. Det fornuftige hadde då vore å ta bøtta med seg heim og halda seg til planen om å slappa av. Men, det var lettare sagt enn gjort.

Med så mykje sopp, og kanskje von om tyttebær høgare oppe, bestete eg meg for å smetta over kanten for å sjå kva eg fann. Bøtta sette eg igjen ved eit tre (eit ikkje særleg karakteristisk grantre, heilt likt alle dei andre).

Ein god time seinare var eg på veg ned til bilen igjen. Men trur du eg fann bøtta? Det var som å leita etter ei nål i ein høystrakk, viste det seg. Endå ein time seinare, i skumringa, var eg nøydd til å gje opp. I åttetida var eg på veg heim, sulten, sliten, vondt i halsen og ganske sur. Utan bøtta. Idiot.

Når piggsoppen lysar i skogbotn i uhorvelege mengdar, der er ein, og der er ein haug, og der er endå meir, så plukkar eg fortare og fortare og gallopperer mellom soppklyngene som om dei kunne koma til å springa sin veg i neste augneblink. Same med tyttebæra. Når dei lyser raudt i raudt i lyngen, i store saftige klasar, så går bærplukkaren med ein frenetisk frekvens. Her skal det jaggu bli syltetøy for heile vinteren!

Bøttevis

Fredag var Mari og eg på ein liten tyttebærtur etter jobb. Mari plukka tålmodig dei tyttebæra som var å finna langs stien. Eg var utålmodig etter å finna større mengdar bær. Ein kan ikkje kasta vekk tida med å pella eit bær her og der! Utålmodig låg eg ein hundre meter framføre.

Plutseleg var der mengdar å finna. Litt her, litt meir der, endå meir der borte. Før eg visste ordet av det satt eg bak ein haug og plukka som ein gal. Mari var sikkert rett rundt hjørnet, kanskje. Så medan ho satt tålmodig, lett synleg på stien og ropa på meg satt eg godt gøymd og plukka tyttebær for meg sjølv.

Mari og soppen

Det var då ho som forsvann for meg, sa eg til meg sjølv. Those who fall behind are left behind. Men med eit lite stikk av dårleg samvit tutla eg nedover ein time seinare med ganske så bra med tyttebær i bøtta. Åleine. Mataukmani – kan det tenkjast å kvalifisera til ein ny sesongrelatert dignose, a la mørketidsdepresjon?

3 thoughts on “Mataukmani”

  1. Stor fare for at dette er genetikk i og med at de som var med på 16 kg sopp-plukke-turen vart ditt biologiske opphav. Når jeg i tillegg kan opplyse om at dine besteforeldre på begge sider hadde tre fryseboksen fulle av bær, saft, syltetøy, grønnsaker, kjøtt, fisk og brød så er din mataukmani forståelig og forklaring.
    Mamma Marta

  2. Nydelig plass du har bosatt deg! Kjekt å følge med på bloggen din Helga, godt næringsvett er jo superviktig! 🙂

  3. Pingback: Kortreist kvalitetsmat - Helga EggebøHelga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content