Om kjærleik og landegrenser

For dei av oss som har funne kjærleiken på tvers av landegrenser er det ikkje berre å gifta seg og flytta saman. Dei siste åra har det blitt stadig fleire hindringar i vegen for å etablera eit familieliv. Fleire nye innstrammingar vart vedtekne i kjølvatnet av at det kom mange asylsøkjarar til Noreg i 2015. Men viljen til innstramming har ikkje blitt noko mindre etter at asyltala gjekk ned.

Sjølv om auka i asyl- og flyktningmigrasjon har vore grunngjevinga for nye innstrammingar, er det viktig å merka seg at dette rammer langt fleire enn dei av oss som har flykta. Det kan vera ektemannen til ei kvinne frå Syria som har fått flyktningstatus. Men det kan også vera kona til ein arbeidsinnvandrar frå India. Eller den amerikanske kona til ei norsk kvinne som har budd og studert i USA. Eller det kan vera den filippinske kvinna som fann kjærleiken i ein mann frå Noreg.

Lang søknadsprosess

Felles for dei alle er at norske politikarar har gjort det stadig vanskelegare for alle å leva eit familieliv i lag i Noreg. For det første må ein gjennom ein nokså omfattande søknadsprosess. Berre søknadsgebyret er på heile 8000 (10.500 frå 1. januar 2018) kroner. Søknaden må den utanlandske ektefellen levera inn i heimlandet, eller på næraste norske konsulat, og så venta i heimlandet til søknaden er handsama. Som eg har skrive om med utgangspunkt i doktorgradsavhandlinga mi, så kan dette vera ein komplisert søknadsprosess med ei rekke meir eller mindre invaderande former for kontroll, og saksbehandlinga kan i mange tilfelle vera meir enn eit år.

Inntektskrav

Men den desidert største hindringa er inntektskravet. For dei som søkjer i 2017 må den ektefellen som bur i Noreg dokumentera ei inntekt på 253 704 kroner før skatt i 2016. Dette gjeld også for fulltids studentar. Alle som har vore student veit at det ikkje er lett å kombinera fulltids studie med fulltidsjobb. Men dersom du faktisk greier å tena over 250.000 ved sida av studia, så blir du straffa økonomisk ved at du ikkje får stipend av lånekassen. Maks inntektsgrense for å få stipend som fulltidsstudent er nemleg 172 597 i året.

Ikkje rett til foreldrepengar

Men la oss no tenkja oss eit ektepar som faktisk kom seg gjennom søknadsprosessen og bur i lag i Noreg. Dei vil kanskje få eit barn eit år eller to etter at ein endeleg kan leva eit kvardagsliv i lag. Som ny i Noreg vil kvinna neppe ha vore i arbeid før fødselen. Då har ho ikkje rett til foreldrepengar (mor får eingongsstønad på litt over 60.000 kroner), og faren har heller ikkje rett på fedrekvote når kona ikkje har vore i jobb.

Den nybakte faren, som har vore i jobb og opparbeidd seg rett til foreldrepengar, kan heller ikkje nytta seg av fellesdelen av permisjonstida. Dette fordi det er eit krav at mor då er i jobb eller utdanning, og fordi norskopplæringa for ekteskapsinnvandrarar ikkje blir rekna som utdanning. Dermed har ikkje desse para anna val enn at mor er heime til ungen byrjar i barnehagen. Då tek det sjølvsagt lengre tid før mor lærer norsk og kan byrja i jobb, enn det ville gjort dersom far hadde høve til å ta ut foreldrepengar og vera heime med barnet ei tid.

Ikkje rett til kontantstønad

La oss seia at ungen til dette paret er fødd i januar. Då har dei ikkje rett på barnehageplass før i august, når ungen er over 1,5 år. I slike tilfelle vil dei fleste av oss har rett på 7500 kroner i månaden i kontantstønad, som ein kan bruka til å betala privat barnepass, eller som ei biinntekt når ein forelder er heime med unge. Men dette paret får ikkje desse 7500 kronene. Jamfør dei nye reglane må begge foreldra må ha budd i Noreg (eller eit anna EØS-land) i minst 5 år for at ein skal ha rett på kontantstønad.

3-årsregel og inntektskrav

Ei anna viktig hindring for fridom og sjølvstende for ekteskapsinnvandrarar, er det faktum at opphaldsløyvet i utgangspunktet er avhengig av ekteskapet. Først etter tre år kan den utanlandske ektefellen søkja om permanent opphald, som gjev ein sjølvstendig rett til å bli verande i Noreg (3-årsregelen). For å få eit slikt løyve er det krav om å ha gjennomført norsk og samfunnsfagskurs. I tillegg må ein dokumentera ei årsinntekt på 238.784 kroner i året. Ei sånn inntekt har ein ikkje når ein har vore nøydd til å vera heime med småbarn den siste tida.

Reglar i utlendingslova og folketrygdlova gjer at dei av oss som har funne kjærleiken på tvers av landegrensene blir møtt med ei heil rekke krav om inntekt, samstundes som ein blir fråteke viktige inntektskjelder, slik som stipend, kontantstønad og foreldrepengar. På denne måten har der blitt lagt stadig fleire hindringar i vegen for moglegheiten til å leva eit familieliv i lag.

Les meir om reglane som er skildra i dette innlegget:

Illustrasjonsfoto: BROTHERLY. av PROiDJ Photography, CC BY-NC-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content