Skeiv i Salten

Korleis er det å leva som lesbisk, homofil, bifil eller transperson (lhbt-person) i Salten? Har fagfolka i kommunane den kompetansen dei treng for å møta alle på ein god måte? I går skreiv eg om dette i spalta Nordlands Trompet i Avisa Nordland.

I ein kronikk på NRK-ytring 11. august skreiv Erlend Elias Bragstad om det å vera skeiv og same i ei lita bygd i Salten: «Vi vet at de som sliter med å føle seg «annerledes» ofte enten flykter til hovedstaden eller inn i dødens åpne armer […] Vi er en liten kommune, vi trenger alle som bor her».
Det er vanleg å oppfatta bygda som ein vanskeleg stad å bu for lhbt-personar. Her er det ofte ingen interesseorganisasjonar eller skeive nettverk. Bygda er prega av lite mangfald, konservative haldningar til familieliv, kjønn og seksualitet, og bygdesladderet går særleg ut over dei som er annleis. Byen på den andre sida, er tolerant, moderne og mangfaldig. Her går det an å finna nettverk og sosiale møtestader for likesinna.

Forskingsrapporten «Skeiv på bygda», utarbeidd av KUN på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, går bakom desse mytane og undersøkjer korleis det er å vera lhbt-person på bygda. Rapporten er basert på intervju med 24 unge menneske frå distrikta i heile Noreg.

Nokon av dei me har snakka med lever svært gode liv på landsbygda. Dei fortel om gode kultur- og fritidstilbod, fantastisk natur og trygge lokalmiljø. Dei trivst på bygda, og opplever at det er eit større mangfald her enn i byen. I byane omgår ein folk som er meir eller mindre like seg sjølv, men på bygda har ein relasjonar til folk i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Det at alle kjenner alle kan også vera ein fordel. Når alle veit at ein er lesbisk slepp ein å alltid korrigera, fortella og forklara kvar gong ein møter nye menneske.

Andre informantar fortel om vonde erfaringar med mobbing, trakassering og utestenging. Dei er einsame og oppfattar at det er lite toleranse i bygda for å vera annleis. Slike erfaringar gjer at dei ønskjer seg til byen og flyttar dit så snart dei kan.

Ungdomskulen ser ut til å vera ei særleg vanskeleg tid for mange. Det er godt dokumentert at skjellsord blant ungdom ofte er kjønnsspesifikke. Hore og lesbe er vanlege skjellsord brukt om jenter, medan homo er eit utbredt skjellsord brukt om gutar. Slike skjellsord blir brukt for å sanksjonera ungdommar som på ein eller annan måte bryt dei rådande kjønnsrollemønstra. Forskinga viser at skeive ungdommar blir ramma særleg hardt av kjønnsbasert trakassering. Men alle ungdommar blir ramma i den forstand at trakasseringa reduserer handlingsrommet og fridomen til å vera seg sjølv, uavhengig av kjønn og seksuell orientering.

Det er viktig å understreka at fleirtalet av lhbt-personar lever gode liv. Samtidig viser forskinga overrepresentasjon av helseplager som depresjon, angst, sjølvmord og rusproblem. Lærarar og helse- og sosialarbeidarar møter ofte sårbare menneske i utsette livssituasjonar. Mange av dei skeive ungdommane me har snakka med har møtt lite forståing og kunnskap i møte med skulen og helsevesenet i bygda. Det handlar gjerne ikkje om vond vilje eller homonegativisme, men at fagfolk manglar kunnskap og ikkje veit korleis dei skal møta lhbt-personar på ein god måte.

Kunnskap er viktig for å kunne tilby ein god og trygg skulekvardag og gode helsetenester. Slik kunnskap får fagfolk i Salten no tilbod om. I dag arrangerer KUN, Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar og Skeiv ungdom kurs på Universitetet. I morgon blir det kurs på Innhavet for fagfolk i Nord-Salten. Parallelt blir det også arrangert anti-mobbekurs ved ein rekke skular i området. Både lærarar og helsepersonell kan gjera ein viktig forskjell i enkeltmenneske sine liv. Alle som vil arbeida for inkluderande lokalsamfunn og gode kommunale tenester for alle er velkomne til å delta på kurset!

Mangfald er viktig for både bygder og byar i Nord. Viss det berre er rom for éin type menneske, med éin type interesser, så vil fleire og fleire flytta. Det å vera annleis handlar ikkje nødvendigvis om seksuell orientering. Det kan like gjerne vera snakk om yrkesval, fritidsinteresser, klesstil eller meiningar. Skal ein hindra fråflytting er det nødvendig med inkluderande lokalsamfunn, ein mangfaldig befolkning og stor takhøgde for ulike menneske.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content