Skeive på flukt

Ikkje alle flyktningar er heterofile menn med kone og barn som ventar på familiegjenforeining. Skeive som flyktar frå forfølging, kan oppleva at asylmottaka dei blir plasserte i er alt anna enn ein trygg stad.

LHBT-organisasjonar i Storbritannia rapporterer om tilhøva ved lukka asylmottak, der asylsøkjarar blir holdt innesperra på ubestemt tid. Ei lesbisk kvinne frå Nigeria hadde flykta etter at partnaren hennar vart drepen og ho sjølv torturert på grunn av seksuell orientering, fortel om omfattande psykisk og fysisk mishandling i mottaket.

Etter å ha vore innesperra på mottaket i over eit år, vart asylsøknaden avslått. Høgsterett, kor saka til slutt var oppe, meinte ho hadde gjeve seg ut for å vera lesbisk for å få asyl på grunn av seksuell orientering. Ettersom ho hadde barn, kunne ho umogleg vera lesbisk, meinte retten.

Hennar skjebne er uviss dersom ho blir send tilbake til Nigeria. Landet har, i likskap med Uganda, innført lovar som gjev 10 års fengselstraff til dei som kjenner til homofile utan å rapportera dei til myndigheitene.

Det er ikkje berre i Storbritannia at tilhøva for skeive asylsøkjarar i mottak kan vera vanskelege, eller til og med farlege. Skeiv Verden er ein interesseorganisasjon for skeive med minoritetsbakgrunn. Dei har mellom anna sett fokus på situasjonen til skeive i asylmottak, og bidrar med naudsynt kompetanseheving for tilsette i mottak.

Det er ikkje mange som søkjer asyl i Noreg på grunn av seksuell orientering. Mellom 2012 og 2014 var det berre 139 av i alt 28.000 asylsøknader som vart handsama i perioden. Omlag halvparten av sakene vart avslått, og mesteparten av søkjarane er frå Uganda og Nigeria. Ikkje så rart, med tanke på at begge land har innført brutale lovforbud retta mot LHBT-personar, og at Noreg har hatt eit synleg engasjement i Uganda mot desse lovane.

Skeive som søkjar asyl i Noreg kan risikera og stå i ein umogleg Catch 22-situasjon. Utlendingsmyndigheitene ventar at dei skal vera opne skeive frå den dagen dei kjem til landet, elles er det vanskeleg å bli trudd. Men å leva opent, til dømes på asylmottak kan vera utrygt også i Noreg. Og skulle ein leva opent, for så å bli sendt tilbake, er situasjonen vanskelegare ein nokon sinne. Så kva gjer ein då?

Norske LHBT organisasjonar har vore kritiske til korleis skeive asylsøkjarar blir handsama av Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE). Ein har vore i dialog med UDI og UNE for å betra sakshandsaminga, men Skeiv Ungdom er framleis kritiske til praksisen.

Illustrasjonsbilde: LGBT refugees, av culturetastic, CC BY-NC 2.0

Leave a comment

Your email address will not be published.