Du vet det e været

Storm og kuling frå sødvest. Hurtigbåten har vore meir innstilt enn i drift. Internett slått ut av lynet. Direkte frå distriktet melder om harde tider Nordaførr.

Eg elskar mørketida. Eller det vil seia, eg elskar lyset i mørke tida. Eg elskar at vinteren endeleg kjem, at skoa knirkar i snøen og at frosten bit i kinna. Eg elskar å gå på ski, også med hodelykt.

Eg elskar derimot ikkje blaut og svart asfalt, lågt skydekke, mildt vêr og kuling frå sørvest. Det er derfor eg ikkje bur på sørvestlandet lengre. Men nissen, det vil seia mildvêret og kulingen, vart visst med på lasset…

Etter nesten to månader med mest mildvêr og kuling har gjort alt det som kan eigna seg av uteaktivitetar: utallige turar i granskogen etter sopp, vedhogst på tomta, spadd opp og rydda grønnsakshage til planting, henta tang til åkeren, brent bål i gapahuk og vore ute på trass. Men no er det slutt på pågangsmot og entusiasme.

Ei regnvêrdag i førre traska eg mismodig rundt på eit kjøpesenter i Bodø, på jakt etter skismøring i påvente av båten. Der dumpa eg borti ein reporter i (direkte frå)distriktsavisa AN: “Er du bekymra for vêret og skiføret?” spurde han. Om eg er! sa eg og vart avbilda i avisa under overskrifta “Bekymra skigåer fra Steigen”.

I dei lange kveldane kunne ein ha sett litt på TV, byrja på ein ny seie, skrive ein blogg eller lest seg opp på den offentlege debatten. Men trur du ikkje lynet slo ned i sikringsskapet og slo ut internett. Dermed vart det ikkje TV, ettersom eg berre har nett-TV, og ikkje skriving.

Gode gamle radioen sviktar meg også. Ein P2-lyttar er nemleg avhengig av internett nord for polarsirkelen, ettersom Sameradioen blir sendt på P2-frekvensen.

“Du vet det e været som hold dæ for narr, men du kjenn ingen ansikta i januar”. Frels meg frå mildvêret og la oss få litt snø, frost og klårvêr! ber Direkte frå distriktets reporter i Nord.

Illustrasjonsbilde: Rain on my window, av Judy van der Velden, CC BY-NC-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content