Utan felles språk

Det går fint an å prata i lag og bli kjend med folk utan at ein har eit felles språk. Det lærte eg på fjelltur i Nepal, og det kjem god med når ein skal bli kjend med nye Leinesværingar frå Syria. 

I 2013 var min venn Katrine og eg på fjelltur i Nepal. Her var me ein månad på tur med ei gruppe som bestod av nokre få andre turistar, og ein heil haug med arbeidsfolk. Det var liksom ikkje lagt opp til at arbeidsfolk og turistar skulle ha noko med kvarandre å gjera, men me hadde frykteleg lyst til å bli kjend med heile turfølgjet.

Dei fleste arbeidsfolka kunne absolutt ingen engelsk, og me kunne absolutt ingenting nepali. Vår første sjarmoffensiv var derfor å prøva og læra oss eit par gloser her og der. Det å ikkje ha eit felles språk, ingen engelsk å støtta seg på, er eit kjempeinsentiv til å læra fort. Med eit raskt aukande utval strategiske gloser, som me praktiserte så ofte som mogleg, vart isen broten.

IMG_2004

Men det er litt begrensa kor lenge ein kan halda samtalen gåande med å seia godt morgon og kommentera vêret. Det viste seg at ein kjem mykje lengre med å gjera noko i lag, til dømes å leika.

 

Det store gjennombrotet for dei nye vennskapa vart den dagen Katrine og eg drog i gang Midt-Noregs store folkesport, Rævkrok. Katrine og eg illustrerte poenget ved å dra i gang eit par rundar oss imellom. Publikum var først forfjamsa over påfunnet, og så kjempeentusiastisk. Katrine vann og fann seg ein utfordrar. Dreven som ho er, knuste ho utfordraren lett. No var showet i gang!

Rævkrok vart avløyst av eit nepalsk pinne-trikse-kaste-spel. Og så fotball, sjølvsagt. Og seinare volleyball og ikkje minst kortspel og terningspel. Leik og opplæring i grunnleggande nepali, var stort sett det som skulle til for å få seg ein haug med nye vener. Pluss ein stor dose utadvendt, pågåande og vilje til å tåla misforståingar og pinlege augneblink.

IMG_1981 IMG_1941

Engelsken er det berre til å leggja vekk. Fleire gonger vart eg overraska over kor mykje ein trass alt kunne forstå av det den andre sa, sjølv om begge snakka kvar sitt morsmål. Å snakka eit engelsk ingen skjønar, er berre framandgjerande. IMG_2143

Ein dag hadde Katrine treft ei eldre kvinne i ein landsby, då ho gjekk seg ein ettermiddagstur og ikkje fann tilbake til stien med ein gong. Dagen etter kom kvinna ned til leiren vår for å slå av ein prat. Ho prata på sitt morsmål, og me prata på norsk. Det var ikkje noko problem å skjøna at ho snakka om at Katrine hadde forvilla seg inn i hagen hennar, og at ho hadde vist ho rett veg tilbake. Engelskmannen Tony, som satt i teltet sitt, ikkje såg kven som snakka og ikkje kan korkje norsk eller nepali, trudde at dette var ein samtale på eitt felles språk.

IMG_1912

Dette me øvde på i Nepal – kommunikasjon og fellesskap utan felles språk – kom godt med då eg hadde besøk av nye Leinesværingar som har kome til oss direkte frå flyktningleir i Tyrkia. Gloser og leik, det er ein sikker vinnar. Eg kan litt meir arabisk i dag enn i går, og det er heilt overflødig å snakka same språk når ein teiknar, tuller og bygger hytte med ungar.

Foto: Helga Eggebø
Les meir om Nepalturen i artikkelen “Vakre fjell har også skyggesider”, tilgjengeleg under “publikasjonar”.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content