List

Denne veka omtalte Dagbladet eit norsk-nigeriansk par som har fått avslag visum, fordi UDI meiner det ikkje er i tråd med nigeriansk kultur at kvinna er mykje eldre enn mannen. Logikken syns å vera at utradisjonelt = suspekt. 

Denne saka er ikkje eineståande. Mange transnasjonale ektepar opplever at stor aldersforskjell, eller det at ekteskapet på andre måtar blir oppfatta som utradisjonelt, blir brukt mot dei. Men der er ein tendens til at aldersforskjell blir oppfatta som meir suspekt dersom kvinna er eldre enn mannen, en omvendt.

Og det er ikkje berre UDI som ser det sånn. Også utlendingsforvaltninga i andre europeiske land ser me særleg mistru på såkalla “utradisjonelle ekteskap”, for eksempel der europeiske kvinner gifter seg med yngre afrikanske menn.

På grunn av dette ha organisasjonen Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) klaga UDI inn for Likestillings- og diskrimineringsombudet. SEIF meiner at aldersforskjell blir tolka strengare dersom kvinna er eldst, og at dette er kjønnsdiskriminerande.

Men ombudet har slått fast at UDI ikkje bryt likestillingslova. I følge utlendingslova, så er tradisjonelt/utradisjonelt eit viktig moment å vurdera når ein skal finna ut om eit ekteskap er reelt eller proforma. Dersom det er vanleg, i til dømes Marokko, at menn gifter seg med yngre kvinner, menn svært uvanleg at kvinner gifter seg med langt yngre menn, så er det sakleg grunnlag for å vera meir mistenksam. Så lenge UDI vurderer kvar enkelt sak individuelt, så er ikkje praksisen i strid med likestillingslova.

UDI vurderer ekteskapet i høve til kva som er vanleg og tradisjon i heimlandet til søkjaren. Men kva er så tradisjonen her til lands, når det gjeld ekteskap, kjønn og aldersforskjell? I Noreg er snittaldersforskjellen mellom ektefeller 3,5 år, i dag som for hundre år sidan. Men variasjonen er større no enn før.

For det første er det fleire ektefeller med stor aldersforskjell, og mange av desse er transnasjonale ekteskap. For det andre er det stadig fleire kvinner som gifter seg med menn som er yngre enn dei, og det er særleg stor auke i talet på kvinner som er meir enn 4 år eldre enn ektefellen (jamfør SSB). Sett på den måten er ikkje saka Dagbladet omtaler så utypisk, men snarare ein del av ei langvarig utvikling i ekteskapsmønstra her i landet.

Kjønna tradisjonar held seg godt, men er også i endring. Er det så myndigheitene si oppgåve å vakta tradisjonane, eller tilrettelegga for endring? Og kven skal få løyve til å leva utradisjonelt? Eg undrar meg over om Likestillings- og diskrimineringsombodet ville kome fram til ein annen konklusjon dersom dei hadde vurdert kvinnekonvensjonens artikkel 5 som pålegg statar å “take all appropriate measures: (a) To modify the social and cultural patterns of conduct of men and women, with a view to achieving the elimination of prejudices and customary and all other practices which are based (…) stereotyped roles for men and women”.

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]