Velferd for irregulære migrantar

Irregulære migrantar har i utgangspunktet ingen velferdsrettar, ettersom dei ikkje har rett til å vera i landet. Samstundes er det ikkje heilt stemning for å la menneske frysa, svelta eller døy av akutt sjukdom innanfor Noregs grenser.

Kva form for hjelp og omsorg kan personar utan lovleg opphald få tilgang til? Dette er spørsmålet som ligg til grunn for Mary-Anne Karlsen si helt ferske doktogradsavhandling “Precarious Inclusion. Irregular migration, practices of care and state b/ordering in Norway”.

Den norske velferdsstaten er kjend for å vera raus og inkluderande. Me som bur her har tilgang på ein av verdas mest omfattande system av sosiale rettar – alt frå gratis utdanning, helsehjelp og billig barnehage til foreldrepengar, arbeidsløysetrygd og pensjon.

Men ovenfor irregulære migrantar er den norske staten minst like lite raus og inkluderande som andre europeiske statar. For denne gruppa er det ikkje snakk om rettar, men om sporadisk veldedigheit, argumenterer Karlsen.

Medan norske borgarar får 5373 kroner i månaden i naudsynt livsopphald, får avviste asylsøkjarar under det halve (1960).  Irregulære migrantar har rett til øyeblikkeleg hjelp og hjelp i nokre andre særleg kritiske situasjonar, slik som barnefødslar. Men dei har ikkje rett til “nødvendig helsehjelp”, slik som oss andre (sjå oversiktar side 119 og 192). Det gjeld altså heilt ulike standardar for kva som er “naudsynt”.

I både sosialtenestelova og pasientrettslova heitte det i si tid at lova omfattar “alle som bur i Noreg”. Lovene skilde opphaveleg ikkje mellom folk som bur lovleg og ulovleg i landet. Men det gjer dei no. I løp av dei siste tiåra er det innførd fleire og fleire reguleringar, som har som føremål å avgrensa rettar og moglegheiter for irregulære migrantar.

I skjeringsfeltet mellom migrasjonskontroll og ei eller annan form for grunnleggande humanisme, produserer dei ulike departementa og direktorata eit vell av ulike regular og unntak som slår svært så ulikt ut i praksis. Karlsen forklarer oss reglane, fortel om den politiske utviklinga og viser oss kva konsekvensar dette har i einskildmenneska sine liv

Før 2003 kunne ein faktisk arbeida lovleg i Noreg sjølv om ein hadde fått avslag på asylsøknaden. Tanken var at det var betre for både asylsøkjaren og samfunnet dersom folk kunne fø på seg sjølv ved å arbeida, medan dei venta på å bli sendt ut. Men no er tanken at ein skal gjera det meir og meir umogleg for folk å bli verande – for å pressa folk til å reisa.

Temaet irregulær migrasjon er svært aktuelt, og vil ikkje bli mindre aktuelt i tida som kjem. For å sitera forfattaren sjølv: Ikkje alle dei som får asylsøknadene avslått kjem til å reisa. Og ikkje alle som faktisk bur i landet har moglegheit til å få lovleg opphald.

Dermed kjem det til ei kvar tid til å vera ei gruppe menneske som bur i Noreg utan dei rettane som følgjer med lovleg opphald. Karlsen gjev oss eit innblikk i liva til menneske som lever i ein usikker situasjon i utkanten av den norske velferdsstaten.

Avhandlinga til Marry-Anne Karlsen er eit imponerande stykke arbeid. Ho kombinerer drivande empiriske skildringar med enkel og presis informasjon om lovar og byråkrati og sterke teoretiske analysar. Det er ikkje ofte eg blir så riven med av ein akademisk tekst!

Kjelde: 2015, Karlsen, Mary-Anne “Precarious Inclusion. Irregular migration, practices of care and state b/ordering in Norway“, doktorgradsavhandling avlagt ved Universitetet i Bergen.

Illustrasjonsbilde: Mainifestation pour le droit des migrant-e-s, av Gustave Deghilage.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content