List

Hat mot kvinner og transpersonar er – jamfør straffelova – ikkje hatefulle ytringar.

I straffelova er hatefulle ytringar definert på denne måten: Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres

  • hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse,
  • religion eller livssyn,
  • homofile orientering, eller
  • nedsatte funksjonsevne

Dersom du trugar, hånar, remmer hat, forfølging eller ringeakt på grunn av deira kjønn og kjønnsidentitet derimot, er det ingen fare for å bli stilt strafferettsleg ansvarleg.

Då paragrafen om hatefulle ytringar først vart teke inn i straffelova på 1970-talet, omfatta han berre religion og etnisitet. Eit tiår seinare vart seksuell orientering også teke med, etter påtrykk frå homorørsla. I 2013 vart nedsett funksjonsevne inkludert i paragrafen. Paragraf 185 i straffelova omfattar dermed alle diskrimineringsgrunnlaga med unntak av kjønn, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet.

Eg har ikkje sett noko prinsipiell grunngjeving for kvifor dei fleste diskrimineringsgrunnlaga er verna i denne paragrafen, men ikkje kjønn og kjønnsidentitet. Forskinga viser at transpersonar er særleg utsette for hets og trakassering. Me veit også at kjønnsbasert hat – i særleg grad hat mot kvinner – florerer på internett.

Er det berre tilfeldig – eit hendig arbeidsuhell – at kjønn og kjønnsidentitet ikkje er teke med? Eller er det sånn at lovgjevar faktisk meiner at hat på grunn av kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk er meir akseptabelt og mindre alvorleg enn til dømes hat på grunn av etnisitet og seksuell orientering?

Illustrasjonsbilde: violence sexism exclusion fear clarion alley, west mission, san francisco (2013), av torbakhopper, CC BY-ND 2.0.

Lesetips: Likestilling- og diskriminieringsombudet sin rapport om Hatytringer og hatkriminalitet.

 

One Response to “Hat mot kvinner er ikkje hatefulle ytringar”

  1. På liv og død - Helga EggebøHelga Eggebø

    […] Eit ikkje ubetydeleg mindretal av norske menn uttrykker også sterkt negative haldningar til transpersonar. 8 % stadfestar at dei syns det ville vore ”ubehagelig å sitte ved siden av en person som visste hadde mottatt kjønnsbekreftende medisinsk behandling». 19% stadfestar at «når jeg tenker på transpersoner, grøsser jeg». Og hat mot transpersonar er ikkje ein gong omfatta av straffebodet mot hatefulle ytringar. […]

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]