List

Kva er det som er betre enn solbærsaft? Jo, solbærbladsaft! Og mykje enklare å laga er det også – og sesongen er no!

Det var Maria Almli som introduserte meg for konseptet solbærbladsaft – og mjødurtsaft og geiteramssaft for den saks skuld. Men nett i dag var det solbærbladsaft som stod på menyen.

Maria, Bjørn, Marius og eg treftes til utemiddag på Nordskot i ettermiddag. Ferske reker og steikt uer på brødskiver – fortært i strålande solskinn med utsikt over Lofotveggen. Det heile vart servert med ein dunk solbærbladsaft. Enden på visa var at eg drakk opp mesteparten.

På veg heim stakk Marius og eg innom ein gamal hage med solbærbuskar – som Maria let oss få lov til å hausta av. I løp av ikkje alt for mange minutt hadde me plukka 10 liter blader, og det er haugen på nok.

Solbærbladsaft 1

Jamfør oppskrifta eg fann på nett er det slik du gjer det:

  • 10 liter solbærblad
  • 10 liter vatn
  • 80 gram sitronsyre
  • ca 16 dl sukker

Skyll bladene. Kok opp vatnet og rør ut sitronsyra i vatnet. Hell den varme blandinga over bladene. La stå kaldt over natta. Sil av bladene, ha i sukker og kok opp. Ha på flasker, melkekartongar eller anna, og putt i frysaren.

Skål!

Foto: Helga Eggebø

6 Responses to “Solbærbladsaft”

  1. Bodil Flikke Hestvik

    Spennende, Helga!

  2. torbjørn

    Fra rødt til grønt?

  3. Helga Eggebø

    Safta vart faktisk lys rosa!

  4. Helga Eggebø

    Nokre oppdateringar på oppskrifta: Maria Almili tipsa meg om at ho ikkje brukar å koka safta opp etter at bladene har trekt. Det trur eg er lurt, så eg gjorde det slik sjølv også. Vil elles nemna at eg syns det er litt mykje syre i denne oppskrifta og vil derfor tilrå å byrja med litt mindre og heller smaka til. Ho kan dessutan også gjerne stå eit par dagar i stadenfor berre ei natt.

  5. Marte

    Hei 🙂
    Skal denne safta vannes ut som vanlig saft eller drikkes som den er? ?

  6. Helga Eggebø

    Vatna ut som vanleg saft er mitt tips!

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]