Fristen for lista til Listhaug

I dag er siste frist for å gje beskjed til Listhaug og regjeringa om kva me meiner om deira angrep på asylinstituttet og grunnleggande menneskerettar.

Regjeringa presenterte forslaget i romjula – medan opposisjonen, ekspertar og aktivistar hadde ferie. Dei valde dessutan å hoppa bukk over hovudregelen om at høyringsfristen skal vera på tre månader. I staden er fristen snaue seks veker. Kort frist og kompliserte endringar er ein effektiv taktikk for å unngå mobilisering og protest.

Heldigvis har forskarar, interesseorganisasjonar og vanlege folk mobilisert. Den eine kritikken krassare enn den andre strøymer inn, til dømes frå aktørar som Barneombudet, PRIO og Kommunensektorens organisasjon (KS).

Migrasjonsforskarar frå PRIO skriv mellom anna: “Som et tankeeksperiment, la oss forestille oss en målsetning om å gjøre flyktningene til en marginalisert og ustabil befolkning i samfunnet. Da ville usikker oppholdsstatus og adskillelse fra familiemedlemmer være målrettede tiltak.”

Kristenfolket er også kritiske. Og då ikkje berre dei liberale biskopane. Leiaren for ei samanslutting av misjonsorganisasjonar er i dag sitert i Klassekampen på at ho meiner Listhaug like godt kan leggja ned heile departementet dersom ho skal gjera det umogleg å søkja asyl.

Kritikken frå AP, KrF og Venstre som har kome den siste tida har derimot ikkje mykje truverd. I asylforlike før jul bad dei om følgande: «Stortinget ber regjeringen fremme et lovforslag om å stramme inn retten til familieinnvandring for asylsøkere og flyktninger» (…) og «fortløpende vurdere forslag til lovendringer, forskriftsendringer og justere aktuelle instrukser med sikte på å oppnå innstramminger» i retten til beskyttelse. Dei har fått som bestilt.

Det er endå ikkje for seint å seia ifrå. Fristen for å senda inn svar på høyringa går ut ved midnatt. Fleire organisasjonar skal allereie ha bede om utsett frist. Det er dessutan fullt mogleg å slutta seg til andre sine fråsegner. Skriv eit kort brev til Justis- og beredskapsdepartementet der de viser til høyringa og spesifiserer kva for eit av svara de vil slutta dykk til. Eg tilrår mellom anna:

KUN
Mira-senteret
JURK – juridisk rådgivning for kvinner
Mirgrasjonsforskere ved PRIO
Kommunesektorens organisasjon

Illustrasjonsbilde: hourglass_cropped av openDemocracy, CC BY-SA 2.0

3 thoughts on “Fristen for lista til Listhaug”

  1. Pingback: Listhaug blir nedstemt - Helga EggebøHelga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content