Alle var samde om at det var ein fin tur

I dag er det akkurat tre veker sidan Magnus vart fødd. I løp av graviditet, fødsel og barseltid, har eg ved fleire høve kome til å tenkja på erfaringar frå friluftslivet; eg har identifisert overraskande mange parallellar mellom desse elles nokså ulike sidene ved livet.

For å ta det frå byrjinga. Kort tid etter positiv graviditetstest reiste me til Svalbard på padleekspedisjon. Ettersom det var tidleg i svangerskapet tenkte eg at det ville gå veldig fint. Det viste seg å vera feil. Eg har vore på mange krevjande turar i mitt liv, men nygravid på Svalbardekspedisjon vart definitivt den mest slitsame nokon sinne. Så slitsam at eg aldri heilt har kunna seia at “alle var samde om at det var ein fin tur”.

Utpå hausten var Marius og eg på ein liten telttur. Turen opp mot Brennsundfjellet kjentes som ei slags høgdetrening. Å gå frå 0 til 600 meter over havet opplevdes som å gå frå 3000 til 3600 meter. Nett som å vera tilbake i Nepal! Men med sakte tempo og lange pausar i lyngen, så var alle samde om at det var ein fin tur!

To dagar før temin byrja dei første teikna på fødsel. Når ein bur i Sjåvika, gode tre timar køyretur unna sjukehuset, er det fint å vita at helsevesenet byr på ambulansetransport med jordmor. Heldigvis starta fødselen roleg, så det gjekk fint å liggja fastspent på båra og prate. Vel framme kunne eg konkludera med at det hadde vore ein fin tur!

IMG_0547

Dei første timane med aktiv fødsel var ikkje så ille som ein skulle tru. Det var ein tung jobb, men sola skein inn vinduet på fødestua og eg hadde ei kjensle av styrke og kontroll i situasjonen. Eg hugsar eg tenkte at dette var langt mindre slitsamt enn padleturen på Svalbard. Særleg den eine dagen då me padla på andre mila i motvind, ryggen verka og der ikkje var leirplass i sikte nokon stad – det var heilt klårt verre.

img_1083

Men kjensla av at dette “kunne vore verre” gav seg etterkvart og vart erstatta av motlaus skriking. Eg hugsar eg tenkte at dette ikkje er til å halda ut. På det tidspunktet hadde heldigvis Marius handlekraft nok til å få epidural på banen. O, lukke! Då første dosen pumpa inn i ryggen, gav smertene seg umiddelbart. Matlysten var plutseleg tilbake og eg sette til livs ein stor porsjon middag. Dessutan kunne eg ta meg ein tur på toalettet. Dotur med epidural viste seg forresten å vera ei interessant affære: (For å følgja opp mi eiga oppfordring til fleire “fitteforteljingar” om underlivets basisfunksjonar og dysfunksjonar). Ut ifrå lyden kunne eg slå fast at det skjedde noko der bak, men eg kjente bokstaveleg talt ikkje ein dritt. Då slo det meg at eg har hatt ei liknande kjensle ein gong før:

I 2008 var eg på langtur i villmarka i Alaska med Alta folkehøgskole. Ein av dagene var tilhøva svært krevjande, med sterk vind og nesten 20 kuldegrader. Me var nøydd til å slå leir og venta på betre vêr. Før nokon hadde fått spadd latrine med levegg meldte primærbehova seg på ubeleilig vis. Eg var nøydd til å flekka ned buksene og la det stå til. I den isvinden var det ikkje lenge før heile ræva var kjenslelaus. Nett som med epidural, kan eg no slå fast.

Vinter08 377

På grunn av all adrenalinen som pumpa i kroppen fekk eg ikkje fred, sjølv med epidural. Kjeven og knea byrja skjelva ukontrollert. Eg kom til å tenkja på då Eli, Katrine og eg juva i elva Tysso ein sommar. Eg hadde fått tildelt ei alt for stor våtdrakt, og fekk stadig påfyll av iskladt elvevatn på kroppen. Då me endeleg kom oss ut av elveløpet hakka eg tenner og skalv ukontrollert. Nokså på same måten kjentes det med adrenalin og epidural i pumpande i kroppen.

Tørrdrakt

For å gjera ei lang historie kort: Etter tolv timar aktiv fødsel vart Magnus pressa ut med god drahjelp frå av vakuum. Med ein gong han var ute, smertene gav seg og jobben vart gjort, konkluderte eg med at dette ikkje var noko traumatiserande oppleving. For å seia det med tursjargong: Alle var samde om at det var ein fin tur!

Første natta heime med Magnus, då me skulle gjera oss klare for kvelden, hadde eg ei liknande kjensle som når ein førebur seg til ei teltnatt i snøstorm. Spørsmåla av typen “er teltet bardunert ordentleg og leveggen solid nok? Har me kontroll på alle ski og plukar? Er der varmvatn på alle termosane? Ligg ytterkleda klare til å få på seg i ein fart?” var erstatta med “Har me bleier på soverommet? Er termosen med varmvatn til nattstellet teke opp på loftet? Er der nok vatn til svettande og ammande mamma på nattbordet?”

Svevnen vart lett og uroleg, nett som i stormnatta. Når vinden riv i teltduken ligg eg alltid halvvaken og lurer på om teltet kjem til å blåsa vekk, sjølv om eg veit at teltet tåler det. Denne natta vart eg liggande halvvaken å lytta til Magnus – dei nye foreldra måtte stadig vekk sjekka at han pusta. Men nett som etter stormnatta lysna det til slutt av dag, og alle var samde om at natta hadde gått bra.

P1090367

Då Magnus nærma seg ei veke var me ute på første trilletur. Både Marius og eg har vore ute ei vinternatt før, men denne gongen skulle me ikkje lengre enn ein halvtime unna huset for å vera utføre komfortsona. Er Magnus for kald? For varm? Pustar han? Bør me snu no? Kva om han vil ha mat? Det var ein lettelse å koma tilbake til huset – men etterpå var alle var samde om at det var ein fin tur!

IMG_2896

Eit par dagar seinare var fekk me prøvd oss på amming i friluft og bleieskift i ein vindsekk som har fått tilnamnet “bæsjeteltet”. Ingen tvil om at tida er komen for nytt og spennande friluftsliv. Og vonleg vil alle stort sett vera samde om at det trass alt var ein fin tur!

Foto: Privat.

2 thoughts on “Alle var samde om at det var ein fin tur”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content