List

Når eg ser tilbake på året som har gått, kva som har engasjert meg og kva eg har skrive om så er der to gjennomgangstema: forelderskap og homopolitikk. Overordna sett handlar det om normer for kjønn og intimitet. No er det ikkje noko nytt at eg er interessert i sånt, men kanskje heilt tilfeldig med at kjønn og intimitetsnormer står ekstra høgt på dagsordnenen i året for familieplanlegging og svangerskap.

Min mest leste og kommenterte tekst i 2016 må heilt klårt vera Fitteforteljingar, som vart publisert på både Maddam og NRK ytring. Eg har sjelden fått så mykje respons frå folk som elska den teksten, men noterer meg at andre syns han var vulgær og uinteressant.

Der har også blitt ein heilt masse andre fortelijingar om alt frå friluftsliv, mat og Steigen til forskning, innvandringspolitikk og terror.

Om eg skal seia det sjølv, og det må ein jo gjerne, så er dette årets beste bloggpostar, månad for månad:

Januar: Listhaug legg lista

23161625903_576e4ae483_z

I romjula, medan ekspertar, kommentatorar, opposisjonspolitikarar og folk flest hadde ferie, la regjeringa fram forslag til innstrammingar i asylpolitikken. Døy på vegen eller døy der du er, men kom ikkje her. Det syns å vera bodskapen i denne grenselaust kyniske politikken.

Februar: Likestilt forelderskap?

4620982034_3730d7faf6_z

Noreg er verdskjent for ei foreldrepermisjonsordning som legg til rette for likestilling i familien. Men ordninga er ikkje for alle. Lovverket tvinger kvinnelege ekteskapsinnvandrarar til å halda seg heime og passa barnet medan far er på jobb.

Mars: Bilar, barn og bransjefolk

Raud bil 2

Kva er det eigentleg med bilar som gjer at både barn og bransjefolk veit at kvinner alltid køyrer kjerra og dessutan ikkje veit att og fram på far sin bil?

April: Karriere

8780292306_04cd45dc13_o

Karriere. Eg innrømmer at ordet påverkar mange av vala eg tek i livet mitt: Er det bra for karrieren? Får eg ein sånn karrieresjanse igjen? Korleis går det med karrieren dersom eg heller gjer noko anna?

Mai: Steigen og eg

IMG_0522

I dag på denne dagen er det nøyaktig 2 år sidan eg første gongen sette mine bein i Steigen. Det var kjærleik ved første blikk og forholdet ser ut til å vara.

Juni: På liv og død

5858469101_14cee85d6f_b

”Betre død enn homofil?” er tittelen Arnfinn Nordbø si bok om korleis det er å vera kristen og homo. Tone Hellesund har skrive boka ”Identitet på liv og død” om skeive som har ønskt å ta livet sitt på grunn si seksuelle orientering. Massedrapet på 49 skeive på nattklubben Pulse i Orlando gjev ei ny og grufull meining til desse boktitlane.

Juli: Første fangstkvinne på Svaldbard

svalbard 4

Norsk polarhistorie er fortellingar om barske, heltemodige og eventyrlystne menn som overlever i den ugjestmilde arktiske villmarka. Det er fortellingar om mannen mot naturen, og som i mykje anna historiefortelling blir mennene løfta fram og hylla og kvinnene skildra som vedheng til mannen, eller gløymt. Historia om Wanny Wolstad – den første fangskvinna på Svalbard – skiljer seg ut.

August: Rull inn puppen

baby

Søndag sparka Dagsrevyen i gang ein ny runde med ammedebatt. Kvifor vil ikkje norske kvinner amme, spør Dagsrevyen. Kvifor blir dei sendt heim frå sjukehuset før dei har kome i gang med amminga, spør helsesystrene. Alle må amme meir og fedrekvota har skulda! roper Gro Nylander. Etter ein svært lite opplyst debatt såg eg meg nøydd til å gjera faktasjekken sjølv. Eg deler resultatet.

September: Eit homoeventyr?

2621073675_2789726018_b

I 2010 stilte Solveig Horne spørsmålsteikn ved at barnehagebarn skulle få høyra eventyr om prinsar som giftar seg med prinsar. Som FrPar stemde ho dessutan mot då felles ekteskapslov vart vedteken i 2008. Under valkampen i 2013 meinte ho at LLH (i dag Foreningen FRI) var ein uviktig organisasjon. Men då Horne vart likestillingsminister angra ho sine tidlegare fråsegn, stilte i Prideparade og laga handlingsplan mot diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar). Hornes heilomvending kan på sett og vis vera ein metafor på samfunnsutviklinga dei siste tiåra: På kort tid har me sett ein sterkt aukande aksept – som manifesterer seg både i haldningar og lovgjeving – for at mange av oss ikkje kan eller vil leva hetero. Dette er vår tids homoeventyr.

Oktober: Fitteforteljingar

7403620016_ff7051245c_o

Etter å ha lese ei rekke artiklar om intimkirurgi, innser eg at eg kunne konkludert med at det gjer vondt å sitta på sykkelsetet fordi det er noko gale med fitta mi, og at løysinga på det er kirurgi.

November: Default foreldrepermisjon

forelder-og-barn-2

For eit par veker sidan søkte eg NAV om foreldrepengar. Då vart det veldig tydeleg at fordeling av foreldrepermisjon og omsorgsoppgåver ikkje berre handlar om politikk og lovverk på den eine sida, og familiære val på den andre sida. NAV – byråkratiet og skjemaveldet – har også ei viktig rolle.

Desember: Den som har skal få

klasseskilje

Den offentlege debatten om foreldrepermisjon har handla mest om fordeling av omsorg og lønnsarbeid mellom menn og kvinner. Men der er eit anna viktig fordelingsspørsmål som har fått langt mindre merksemd: Korleis fordeler me fellesskapets ressursar mellom foreldre med ulik tilknyting til arbeidsmarknaden?

Illustrasjonsbilde:Morning Research with a cup of Coffee av Junichi Ishito tilgjengelig under CC BY-NC-SA 2.0. Elles info om fotograf og rettar i kvar enkelt blogg, som der er lenkja til.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]