Gebyra for å levera søknad om opphaldsløyve i Noreg har aukt dramatisk i det siste. Lenge kosta det rundt 3000 kroner å søkja om opphald på grunn av familieinnvandring. Rundt 2015 var prisen auka til 5200 kroner. Då eg skreiv om dette i haust var gebyret på 8000 kroner og frå første januar i år koster må søkjaren betala heile 10.500 kroner for å få søknaden sin handsama.
Gebyrer varierer etter kva type søknad det er snakk om. Det er mykje dyrare å søkja om familieinnvandring enn andre typar løyve:
- Opphaldsløyve for å arbeida: 5300
- Student og au-pair: 5300
- Familieinnvandring: 10.500
- Fornya søknad om familieinnvandring: 2600
- Permanent opphaldsløyve: 3100
Det er litan tvil om at desse skyhøge søknadsgebyra for nokon vil vera eit reelt hinder for å bli gjenforent med sin ektefelle og barn. Mest sannsynleg er det også poenget: Søknadsgebyret fungerer som eit av mange verktøy for å begrensa og hindra familieinnvandring til Noreg.
Berre på eit par månader har prisen på å søkja om familieinnvandring gått opp med flere tusen kroner. Frå 1. januar 2018 kostar det 10.500 kroner i gebyr å søkja. Endringa vart enkelt gjennomførd av Justis- og beredskapsdepartementet ved å endra utlendingsforskrifta § 17-10.
Får du avslag får du sjølvsagt ikkje pengane igjen. Gjer du ein feil i skjemaet og får søknaden avvist på formelt grunnlag må du søkja på nytt og betala på nytt. Får du innvilga søknaden må du likevel betala nesten 3000 kroner for å fornya søknaden 1-2 år seinare. Når du etter fleire år på mellombels opphaldsløyve kvalifiserer for permanent opphald, koster det også 3100 i søknadsgebyr.
I Storbritannia har også søknadsgebyra i utlendingsforvaltninga auka dramatisk. Prisen for å søkja om opphaldsløyve er 2297 pund, altså 25.000 kroner. The Guardian har gått søknadsgebyra etter i saumane og melder at The Home Office (tilsvarer norske UDI) har opp til 800 % profitt på arbeidet med å behandla søknader. Den aller høgaste gebyret tek dei for å handsama søknaden til gamle og sjuke foreldre. Gebyret er på 3250 pund, medan kostnaden ved å handsama søknaden berre er 423 pund. Denne typen opphaldsløyve er dessutan den som har aller minst sjans for å bli innvilga. Den økonomiske risikoen er altså enorm, så det er litan tvil om at funksjonen gebyret har er å hindra folk i å det heile søkja.
I same periode har The Home Office fått store kutt i budsjetta sine, og The Guardian meiner derfor at dei har sterke insentiv til å avslå søknader på grunn av detaljfeil i søknaden for på denne måten å tena endå meir pengar på at folk må søkja på nytt.
Se også oversikt over søknadsgebyra i Nederland.
Kjelder:
- Økte gebyrer for å søke om oppholdstillatelse fra 1. januar 2018
- Home Office makes thousands in profit on some visa applications
Illustrasjonsbilde: Fasadeskilt av Utlendingsdirektoratet CC BY-NC-ND 2.0