Barn som brikke i ein demokratisk skinnprosess

Korleis kan me driva skule med mindre pengar og færre barn? Dette spørsmålet skal pedagogane – etter pålegg frå skuleeigar – drøfta med ungane våre i undervisningstida. Føremålet er å få gjennom eit gyldig vedtak om skulenedlegging i Bodø. Det går klart fram av eit skriv som vart sendt ut til foreldra denne veka.

Etter mange rundar med utgreiing, hestehandel og protestar har Bodø bystyre vedteke at skular skal leggjast ned. Men no har Statsforvaltaren kjend vedtaket ugyldig på grunn av mangelfull prosess: Barna har ikkje blitt høyrd og barns beste er ikkje tilstrekkeleg vurdert.

Derfor har pedagogane fått pålegg om å bruka undervisningstid på å be ungane om innspel og føra grundige referat. Som NRK skreiv om i førre veke har foreldre og lærar reagert kraftig, men skulesjefen viser til at han har fått hjelp av ekspertar på «barns stemme og barns beste» til å utforma det detaljert skrivet som lærarane har fått pålegg om å følgja.

Instruksen er ikkje å diskutera politiske prioriteringar. I skrivet har dei strødd om seg med Kostratal, kvadratmetertal, grafar og tabellar som skal få ungane til «forstå» kvifor skulane deira må leggjast ned.

Det finst anna informasjon ein kunne prioritert. Det kunne til dømes stått: «Jamfør kommunebudsjettet skal det kunnast 10 millionar i skulen i 2024. Samstundes blir kommunens inntekter frå eigedomsskatt vedteke redusert med 11-14 millionar. 1. Kor mykje ekstra kunne skulen fått dersom eigedomsskatten ikkje hadde blitt kutta? 2. Kva ville de stemt på dersom de sat i bystyret?»

Det kunne blitt eit undervisningsopplegg som kombinerer matematikk og sosial kompetanse i medverknad, sosial mobilisering og demokrati.

Dei eldre ungane kunne fått dykka ned i dei enorme kutta i tilbodet til barn, unge og eldre med omsorgsbehov. I kulturåret 2024 har sittande politikarar godkjend kraftige kutt i biblioteket. Lågterskeltilbod til barn og unge med psykiske helseproblem er kutta. Det kunne vore verd ein diskusjon.

Ein kunne også sagt klårt og tydeleg ifrå til ungane om premissa for diskusjonen: «Kommuneadministrasjonen spør ikkje fordi dei lurer på kva de meiner eller har tenkt å lytta til det. Dei spør fordi dei er nøydde til det for å få gjennom eit gyldig vedtak om å leggja ned skular. Me har nemleg nokre demokratiske reglar om at barn skal få uttala seg om spørsmål som er viktige for dykkar liv. Men ingen av dykk har stemmerett før de er 18 år og for lengst ferdige med Bodøskulen».

Det kunne blitt ein interessant leksjon i forakt for det politiske systemet, og det er kanskje nyttig å læra seg jo før jo heller?

Dersom eg hadde vore pedagog, hadde eg kanskje nytta høve til å kombinera demokrati og kunst. La oss ta ei kjapp handsopprekking: Legga ned skular eller la foreldra våre betala litt eigedomsskatt av pengane dei tener på jobb? Og så vidare til kreativt protestverkstad. Stoff, papp, pinnar, maling og tusj i mange fargar og så går me i gang!

Eg er ikkje vidare imponert over at rektorane lydig løper skuleeigars ærend. Eg reknar med at pedagogane – med fagforeiningane i ryggen – protesterer mot å bli utnytta i eit politisk spel.

Ungar skal ikkje gjerast ansvarleg for å koma med «innspel» til korleis vaksne skal driva skule etter kutt. Det har dei ikkje føresetnader for å vita noko om, og det er ikkje eit problem dei har ansvar for å løysa.

Andre politiske prioriteringar er mogleg. Og uansett kva sittande politikarane vedtek, er dette forsøket på legitimering ein parodiske skinnprosess: Alle kommunes elevar blir halde for narr, og så kallar ein det undervisning og «medverknad». Saka er ein grell illustrasjon på kor lite barneperspektivet og barns beste betyr i praksis.

Denne teksten vart først publisert i Avisa Nordland.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content