Skip to content

Åpent brev (om bagatellar) til forskingsrådet

Kjære Noregs forskingsråd,

Eg sit her i innspurten med ein søknad som skal inn i morgon. Det er mykje arbeidd å skriva desse søknadene, det veit de. Det er også svært lite sannsynleg at me får pengar til å gjennomføra det me føreslår. Ikkje fordi søknaden ikkje er bra, men fordi dei fleste ikkje får pengar uansett. De veit alt dette. Det er ikkje noko eg treng å bruka kvelden på å skriva brev om.

Ein søknadsinnspurt kan få kven som helst til å gå varm. Det har eg også gjort. Og i ein sånn augneblink, kjende eg at den såkalla søknadsmalen dykkar gjorde meg tussete av irritasjon. Fila med tittelen “template-for-project-description-researcher-project-for-scientific-renewal-and-early-career_2025-1» er ikkje ein “template”. Malen er ikkje ein mal. Det er eit ordinært worddokument utan ryddig formatering. Ingen definerte stilar og ingen tabellmalar. Den som har laga dokumentet har berre tukla litt med storleiken på fontane for å visa kva som skal vera overskriftene.

Når eg skrur på navigasjonsfana for å få oversikt over disposisjonen de ber om, så er det ingen disposisjon der. For ingenting av teksten er markert som overskrift. Dermed måtte eg laga overskriftene sjølv, inspirert av fontstorleiken i dokumentet. Eg laga normalstilen etter instruksjonane i teksten: «bruk times new roman eller calibri størrelse 11».

Me har altså gleda av å velja mellom to alternativ. Men ærleg talt. Det ville vore mykje greiare om malen var ein mal som deinferte normaltekst i calibri 11 (og gjerne eit alternativ i times new roman dersom det er viktig at folk får velja her) og med passe ferdiglaga avstand mellom avsnitta.

Malen burde også inneholdt mal for tabellar ettersom de vil ha ei “grafisk framstilling av arbeidsplanen for prosjektet”. Kunne de ikkje berre laga ein mal for ganttskjema? Så slepp me å bruka tid på å spekulera oss grøne på korleis me kan laga ein tabell som tek minst mogleg plass og triksa og miksa med kolonner og rader og marger i tabellen.

Ein mal er ikkje ei dokumentfil, men ei malfil. Der skal det vera tekstfelt av typen «klikk her og skriv inn tekst». Der kan instruksjonar om innhald stå. Når ein lastar ned ein mal og lagrar denne blir det automatisk oppretta ein kopi som dokumentfil, slik at ein einfaldig forskar lagrar fila som eit dokument med rett formatering. I malen kunne skriftstil for referansar også vore definert, til dømes basert på stilen «listeavsnitt», men i font 9, som de tillet for å spandera litt ekstra plass til alt me skulle ha sagt.

Eg føreslår at malen også inneheld ein definert stil for overskrifter på nivå tre, til dømes arbeidspakkane de ber oss skriva om. De ber om at prosjektet og teksten skal vera delt opp i arbeidspakkar, men arbeidspakkar er ikkje eit punkt i oppsettet. Det skal berre vera ein del av avsnittet «hypoteser, teoretiske perspektiv og metodologi». Mi erfaring er at skildringa av det som gjerne er 3-7 arbeidspakkar tek mykje plass, og at det ville vore fornuftig å dela det opp med overskrifter. Overskrifter som er definert som overskrifter og ikkje berre ordinær tekst som folk tuklar til i feit skrift eller med å auka skriftstorleiken litt her og der (kanskje ikkje akkurat det ettersom alle prøver å spara plass på formateringa).

Når de lagar ein mal som er ein mal, kan de droppa formateringsinstruksjonar ut over «bruk de forhåndsdefinerte stilene. Endring av formatering er ikke ønskelig».

Eg er heilt sikker på at ein av dei mest 500 tilsette i Forskingsrådet har den naudsynte kompetansen til å laga ein mal som er ein mal. Dersom det ikkje er tilfelle kjenner eg fleire flinke folk som kunne teke oppdraget for ein billig penge.

Eg ser fram til å skriva neste søknad i ein mal.

På forhånd takk!

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.