Skip to content

Arbeidsverktøyet som saboterer arbeidsro

Jobben min har kjøpt Microsoft Office 365 som eit arbeidsverktøy. Men kvifor har Microsoft laga ein verktøykasse som produserer ein haug med forstyrrande varsel som hindrar meg i å gjera jobben min?

Sosiale media er laga for at me skal bli hekta, bruka mest mogleg tid der inne og dermed konsumera reklame og leggja igjen personopplysningar. Då gjev det meining å ha varslar og likarklikk og alt slik som triggar dopaminet og får oss til å bli i programmet. Men eg forstår ikkje kvifor ein verktøykasse som arbeidsgjevar har kjøpt og betalt får har stadig fleire av dei same forstyrrande funksjonane.

Insstillingar – ingen lydar

Kvar gong eg har måtta bytta datamaskin blir eg heilt sprø og komplett rasande av at Microsoft Office kjem med varsel i alle formar og i alle kanalar. Det er lydar, faner, blinkande ikon, e-postar og vindauge som poppar opp på skjermen. Eg får dei i oppgåvelinja, høgtalaren, nedst til høgre på skjermen, midt på skjermen. Varsla kjem frå Teams, word, outlook og så bortetter. I tillegg kjem varsla eg får når eg er innlogga på jobbrelaterte nettstader som LinkedIn og Facebook.

Eg blir sprø! Det hastar å få skrudd av alt dette før eg kastar den nye datamaskinen ut vindauga i raseri.

  • Kontrollpanel – maskinvare og lyd – lyd – endre systemlyder – fane: ingen lyder
  • Systeminnstillinger – varsler – “få varsler fra apper og andre avsendere” – AV
  • Sett på «ikkje forstyrr»-modus

Men dette er ikkje nok. På ingen måte. Den vesle blinkinga i Outlookikonet når ein har fått ein ny e-post er nok til at eg blir forstyrra i kroppen og knollen.

Eg måtte ta ein runde med innstillingar i kvar einaste app og skru av alle varsel, skru av alle varsel, skru av alle varsel. Ingen lydar, ingen faner, ingen bjøllesymbol, ingen blinkande app-ikon. Eg fekk til og med skrudd av vindauge som dukkar opp for å minna meg på kalenderavtalar 15 minutt før.

“Tone har svart på kommentaren din”

Hurra! Ingen faner, lydar eller ikonblinking. Godt jobba, tenkte eg og gledde meg over uforstyrra skrivetid. Men så byrjar det likevel tikka inn nokre e-postar som berre ville informera meg om at ein kollega hadde trykka på tommel opp som svar på ein e-post eller ein tekstkommentar.

Alvorleg talt, Outlook. Eg vil ikkje ha e-postar med tomlar og hjarte, men også her måtte eg styra ein del for å få skrudd av, eller sendt desse e-postane i søppelboksen eller kva det no var eg enda opp med.

Likevel vart det ikkje heilt stilt. Plutseleg hagla det inn med e-postar av typen «Tone har svart på ein kommentar i dokumentet ditt». Tone redigerte openbart i vår felles tekst, og når ho dreiv med det skreiv eg på ein annan tekst.

Dermed var eg ikkje under nokon omstende interessert i å vita kva Tone sysla med i dokumentet. Rasande klikka eg meg derfor inn på lenka «dersom du ikkje vil ha slike varsel». Der fekk eg beskjed om at innstillingane var styrt av ein annan organisasjon og eg har ikkje tilgang til å endra dei.

Etter den klikkinga klikka det for meg! Eg vil for svarte ha løyve til å skru av e-postvarsel som tikkar inn i min innboks! Kor er personvernet når du treng det? Eg vil samarbeida og skriva i lag med folk som jobbar andre stader, utan å bli forstyrra med meiningslause e-postar.

Varsel – nei takk!

Hei datamaskinen min. Eg likar deg best når du ikkje minner meg på noko som helst. Eg har ikkje bruk for å bli varsla. Eg ventar aldri på ein livsviktig e-post som eg må lesa i same minutt. Dersom nokon opplever at det hastar å få tak i meg, så har eg 1) eit offentleg tilgjengeleg telefonnummer og 2) ein telefon med ringelyd.

Det eg har bruk for i jobben min er konsentrasjon. Eg nektar å finna meg i at verktøykassa mi forstyrrar konsentrasjonen. Varsel? Nei, takk. Eg avslår det tilbodet.

Eg har ein hjerne som av gamal vane planlegg for mykje. Derfor har eg i det store og det heile slutta å skriva lister. Eg hugsar det meste som er viktig, men eg må øva meg på å dempa planlegginga og ta ein ting om gongen. Det kan vera nyttig med langsiktige planar, men det forstyrrar jobben eg skal gjera her og no.

Eg har skrive for mange arbeidslister

Dersom eg absolutt skal laga ei liste over det eg skal hugsa å gjera i løpet av veka skriv eg helst med fyllepenn på blanke ark.

Favorittarbeidslista mi for veka ser slik ut:

  • Måndag: Skrivetid.
  • Tysdag: Skrivetid + førebu føredrag.
  • Onsdag: Skrivetid + halda føredrag.
  • Torsdag: Skrivetid.
  • Fredag. Skrivetid + publisera blogg.

Alle andre ting let eg gjerne vera å skriva på hugselista. Eg hugsar stort sett det som er viktig nok, seier eg til meg sjølv.

Til slutt lurer eg på om nokon kan svara på spørsmålet mitt: Kvifor kjem arbeidsverktøyet Microsoft Office med innstillingar og funksjonar som forstyrrer, saboterer konsentrasjonen og hindrar meg i å få jobben gjort? Kven i all verda tener på det, og korleis? Er det nokon som har ein konspirasjonsteori eller sakleg og velgrunna informasjon å dela?

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.