“Brua skal ikkje brøytast”

Å, Statens Vegvesen! Då er me i gang igjen. Klokka var fem på åtte i dag tidleg då Ingeborg og eg sykla i vegbanen mot barnehagen. Då me skulle svinga inn på hovudsykkelstien var det full stans. Tung, blaut og perfekt snøballsnø, som det ikkje går an å sykla i, dessverre.

Statens vegvesen har ansvar for hovudsykkelstien, og dei skal ha kredd for jamnt over god brøytestandard. Det skal brøytast ved 2 cm snøfall, og då går det an å sykla. Med mindre brøytebilane har dosa all slapset frå riksvegen opp på sykkelstien, vel og merke.

I mange år har eg kjempa for at kommunen og Vegvesenet skal prioritera miljøvennleg og helsefremjande transportformer. Eg har sveitta og banna ein god del, men eg har også hatt mykje moro med å skriva i avisa og bli fotografert medan eg treiv spada ut av sykkelvogna og brøytar min eigen passasje ved gangfeltet.

I lag med syklistforeininga har eg vore på møte og snakka med Vegvesenets mann i Bodø brøyteavdeling. Dette var etter at eg hadde skrive om «Brøyting og berekraftsbullshit», og han gav meg direktenummeret sitt så eg kunne ta kontakt ved høve.

Statens vegvesen er min favorittantagonist. Eg har ein person eg kan ringa. Dei svarte faktisk på nett då eg skreiv om gangbrua på Mørkved i avisa. Eg kan senda fotodokumentasjon direkte kvar einaste gong leverandøren Mesta har gjort ein for dårleg jobb.

Det er ikkje som klimaendringane eller folkemordet på Gaza. Gangbrua over riksvegen er openbart ikkje ein like viktig kamp, men det er nært, konkret og faktisk realistisk å få gjort noko med.

At eg har ein kontaktperson i Vegvesenet betyr ikkje at problemet er løyst. I fjor kunne han avsløra at «den brua skal ikkje brøytast». Ho ligg ikkje inne i anbodet som Mesta har vunne. For det første er ikkje brua dimensjonsert for brøytemaskinar. Ho tålar ikkje akseltrykket frå maskinparken. Det andre er at dei ikkje vil brøyta snø ned over riksveg 80 der bilane køyrer. Dessutan meiner Vegvesenet at snøen burde ramla gjennom ristene som ligg på kvar si side av det glatte tredekket på midten.

Vegvesenet veit veldig godt at snøen ikkje forsvinn ned gjennom hola i brudekket. Verken blaut snø, laussnø eller vindpakka snø. Sjølv om dei kanskje aldri har vore der sjølv for å inspisera, så har dei fått nok fotodokumentasjon til at det skulle vera klinkande klårt.

Då eg dytta sykkelen og vogna over brua med Ingeborg traskande ved sida av, kjende eg meg herleg oppelda. Ikkje berre vart eg sveitt av dyttinga og vassinga i snøen, men eg kjende eit energisk sinne bølgja gjennom kroppen. No er me i gang igjen, og eg trappar opp innsatsen!

I år skal eg skaffa meg audiens på kontoret til vår mann i Vegvesenet. Eg skal senda dokumentasjon kvar einaste dag snøen ikkje er rydda. Eg skal finna ut kor eg skal senda klage oppover i systemet. Dei ypper med feil person. «Nu kör vi» sykkel for alvor!

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content