Natur og friluftsliv

Tid for ski!

Endeleg var det på tide med hyttetur og skihelg og fleire dagar heilt utan ungen. Mang ei helg siste halvanna året har eg sett mot dei snødekte fjella full av lengt etter å vera på tur med Eli og Katrine. Hurra! Hyttetur med Eli i Beiarn, og ettersom Katrine var nett heimkomen frå i Alaska […]

Tid for ski! Read More »

Nordsia

Bodø er eit nes som stikk ut i havet mot Sør-Vest. Me bur på Mørkved – på sørsida av neset. Køyrer ein utover til sentrum og vidare, kjem ein til Nordsia. Der finn du midnattsola om sommaren og kraftige fallvindar om vinteren. Me fekk oss ein fin tur ein nydeleg klårvêrsdag i låg haustsol. Me

Nordsia Read More »

Landegode

Øya Landegode er eit landemerke utføre Bodø. Eg har passert øya på utallige båtturar frå Steigen. I Sjåvika kunne me mang ein haustkveld sjå sola gå ned over Landegode. Først no nettopp fekk me oppleva landemerket på nært hald. Marius, Magnus og eg pakka teltet med oss og tok båten frå Bodø og ut til Landegode.

Landegode Read More »

Ingen skam å snu

I vinter ein gong, i Sjåvika, hadde Marius og eg fått det føre oss at no skulle Magnus få bli med på sin første utemiddag. Me lassa vogna opp med ved, laga ein stor porsjon med blodpannekakerøre og pakka pikkpakket og strena ned i fjæresteinane. Barn ingen hindring, hæ! Kameraet vart med for å dokumentera

Ingen skam å snu Read More »

Skip to content