Endringskraft

40.000 barn og unge var i politisk streik på fredag. For miljøet, jorda og framtida vår, og mot politikarar som ikkje vil setta i verk tiltak som monner. Eg var så heldig at eg fekk høve til å vera med ei lita stund framføre Stortinget. Det var ei god kjensle og stå skulder ved skulder i lag med tusenvis av folk som kjempar for politisk endring.IMG_1364-1

Den gode gamle parolen frå Blekkulfklubben på 90-talet står seg: “Bruk hodet, vi har bare en klode”. Andre gjengangarar blant dei flotte plakatane og bannara var “Erna koker kloden”, “There is no planet B”. “Alle vi som hopper nå, hopper for miljøet”. Kampropet byrja i ein krok av forsamlinga og spreidde seg til eg stod og hoppa i lag med mange hundre andre. Grunnen rista under den koordinerte hoppinga. Dette er det kraft i, tenkte eg, endringskraft!

IMG_1362-1

Eg tenkjer eg skulle hatt med meg ein plakat sjølv. Til dømes: “Førtiåringar for framtida – me krev skyhøge parkeringsavifter og bompengar NO!” I tillegg til alle elevane var der også nokre lærarar, foreldre med småungar, journalistar, men kanskje også eit par andre halvgamlingar sånn som eg, som berre støttar saka og ville vera med.

IMG_1371

I Oslo var der visstnok over 15.000 barn og unge streikande framføre Stortinget. NRK og Facebookfeeden meldte om skulestreik alle andre stader også, både i Steigen og her heime i Bodø.

IMG_1369-1

Audun Herning delte ein tekst av Nordahl Grieg om det å “tru på” ungdommen, som eg syns det er verd å tenkja over no i samband med skulestreikane:

“Eldre folks syn på ungdommen er gjerne ett av to: de rakker ungdommen til, eller de «tror» på ungdommen. Det kan være et spørsmål om hvad som er verst. (…) Troen på ungdommen dekker i virkeligheten ofte over en like så skamløs impotens. «Vi har ikke klart å skape et anstendig liv og samfund», – sier mange mennesker – «derimot ungdommen! Ungdommen tror vi på!» Slik slår de sig resignert til ro med nederlaget, de innretter sig makelig på sammenbruddet og skyver hele ansvaret for en desperat fremtid over på andre skuldrer. Og de er ikke så lite rørt over sig selv, de synes at de er ganske storslåtte, de tror på ungdommen! Jeg har et ønske for mitt liv: at jeg aldri kommer til å tro på ungdommen! Derimot håper jeg å stå sammen med, være ansvarlig med den ungdom som kjemper den revolusjonære kamp for menneskenes frihet og fred. Bare den tro som er delaktighet, er nødvendig i de tider vi går imøte!”

Tydeleg bodskap til alle dei av oss som er for gamle til å vera ungdommar sjølv. Ikkje tru på ungdommen, men stå saman med dei unge som kjempar for miljøet, jorda og framtida vår. Me veit kva som skal til for å få til dette: stem på dei rette politikarane (for dei av oss som er gamle nok til å ha stemmerett), kutt ut forurenande transport, bruk mindre ting, et mindre kjøt og så bortetter. Dersom me står saman har me den krafta som skal til for å endra verda.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content