Eg arbeider med ein rapport for tida, nærare bestemt, eg skriv om og redigerer, elter og knar eit ruskete førsteutkast. Eg syns det er tungt. Det klør i kroppen. Motviljen er sterkt. Eg har ei overveldande kjensle av at dette ikkje er særleg interessant. Deltakarane har sagt både det eine og det andre som mange kanskje vil synast er interessant å lesa. Men kva er poenget? Kva er det eg vil fram til, kva kan teksten eigentleg bidra med som betyr noko? Kvifor kastar eg vekk tida mi på å halda på med dette, eigentleg? Det er ikkje lite tid som går med heller. Kven bryr seg? Nok ein forskingsrapport, men kva så? KVA SÅ? Desse spørsmåla trekk meg nedover i det mørke vatnet som eit blybelte rundt mangen. I denne djupet av meiningsløyse, meiningsgap, er det tungt å skriva. Dersom nokon berre kunne trygga meg om at dette ER interessant, og gjeve meg ein lovnad om at dette BLIR noko som har eit poeng, som betyr noko på eit eller anna nivå! Då skulle det ikkje vore så tungt. Kroppen vekslar mellom uroleg og tung.
Eg sett stoppeklokka på 25 minutt, legg hendene på tastaturet og festar blikket på delkapitteloverskrifta. Kva er det eg vil seia her? Eg skriv ein setning om det eg moglegvis, kanskje, vil seia. Det ser banalt ut. Ingenting interessant eller interessevekkjande med den setninga der. Eg skriv eit par til, like banale og uinteressante setningar. Fleire av dei er i tillegg klønete og rotete formulert. Eg går vidare til sitatet, les og redigerer det litt slik at det blir mindre munnleg og vanskeleg å lesa. Eg les gjennom tolkinga, forfattarstemma, under sitatet. Eg blir i stuss. Er det verkeleg det som står i sitatet? spør eg teksten og meg sjølv. Er det verkeleg ei rimeleg tolking av det personen sa? Eg ser nøyare på ordvala i sitata, går tilbake til intervjua og les kva som var konteksten rundt sitatet og den overordna historia. Eg skriv nokre nye setningar under sitatet. «Som det går fram av sitatet…». Eg prøver å vera nøye når eg parafraserer. Kva meining er det eg leser ut av sitatet? Kva står det der, eigentleg? Eg formulerer med mine eigne ord. Dei liknar, men er ikkje like. Det er forresten fleire element i sitatet, ser eg no. Ikkje fullt så enkelt som eg trudde ved første augnekast. «På den eine sida fortel denne deltakaren om…….(…), men samstundes går det også fram av sitatet at…(…)». Det er i alle fall minst desse to tilsynelatande motstridande tinga som føregår. Og er ikkje det typisk oss menneske? Me seier både det eine og det andre, og ambivalensen, krinsa rundt emnet, sjå det frå fleire sider.
Plutseleg ringer stoppeklokka. Kroppen er roleg men energisk. Det er mest så eg ikkje har lyst til å ta den pausen. Eg gløymte ein augneblink å lura på om dette er noko interessant og kva som er vitsen. Eg hentar meg ein ny kopp te, går innom toalettet og kjem tilbake til kontoret kor eg kan sjå ut på den blaute snøen som har lagt seg på universitetsområdet. Eg veit ikkje om det blir noko bra, dette eg skriv om. Tanken slår meg igjen. Eg skjønar ikkje kor dette skal enda. Eg får det vel i hamn på eit vis, eg har gjort det før. Mange gonger. Men eg greier ikkje overskoda kva det skal bli til, kva som eventuelt er interessant og ikkje, kva som er meininga med det heile, om eg verkeleg kastar bort tida mi på tull eller ikkje. Ikkje medan eg står midt oppi det.
Eg kunne spurt nokon om å lesa det ruskete utkastet. Det ville vore så deilig dersom ein vennlegsinna lesar kunne sagt at dette er interessant, garantert! Men slik teksten er no, halvgjort, halvtygd, halvskriven, ville dei i bestefall sjå bitar som kanskje kan bli interessante. Men lesaren kunne like gjerne kome med eit skuffa og nølande uttrykk kor det skin gjennom at det ikkje var så veldig interessant lesing. Ikkje slik det står akkurat no i alle fall. Dei kunne klappa meg på skuldra og sagt «dette går bra, dette blir bra!». Men slike motivasjonsutrop lurer ikkje meg. Kva veit vel du om det, du lesar av ruskete utkast?
Det er tid for neste økt. Eg set stoppeklokka på nye 25 minutt. Hendene tilbake på tastaturet. Blikket tilbake på skjermen. Kor var eg? Neste sitat, ja. Kva står det der? Kva ser eg når eg les nøye? Det er mange, mange, mange slike 25 minuttsøkter til eg eventuelt ser at dette ER interessant. Dersom eg forklarer, skriv det fram, skriv det ut og fortel. Dersom det skulle visa seg å bli interessant, så var det i såfall noko eg fann ut medan eg gjorde den seige jobben.
Foto: Karoline O.A. Pettersen
