Skip to content

Fem år som tobarnsmor

Den yngste ungen min fyller 5 år i dag. Hurra for ho! Det er akkurat fem år sidan vatnet gjekk, og eldste ungen trudde eg hadde tissa på meg då eg kom ut på gangen og ropte at det var tid for sjukehuset. Fødselen hadde starta for fleire dagar sidan, med rier som tok nattesøvnen ifrå meg og var strevsame å pusta seg gjennom. (Ja, eg veit legestanden ikkje definerer det som fødsel før du er i «aktiv fødsel» med 4 cm opning, men det er pinadø veldig aktiv jobbing lenge før det etter mi erfaring). Det var under den første koronanedstenginga. Sjukehuset var beleira. Av securitasvakter og sperreband og munnbind og åtvaringar og kontrollpostar og kryssforhøyr:

-Kva gjer du her?

-Eg føder.

-Har du ein avtale? Få sjå legitimasjon.

Då eg kom meg forbi kontrollpostane og inn på fødeavdelinga var mottakinga mjukare. Ingen gule smittverndrakter. Berre nokså vanleg kledde jordmødrer med lang erfaring og ro i kroppen.

-Her nærmar det seg veldig, konstaterte jordmora.

-Oj, då går det fortare andre gongen, konstaterte eg.

Eg rakk så vidt litt epidural i ryggen før det var tid for å pressa. Eg pusta, skreik og pressa ungen ut av kroppen. Nei, Lillebjørn Nilsen, det var ingen ungar (fødd i same natt) som smatt ut av sine mødrer. Ungen og eg jobba ho ut, og det første ho insisterte på var å suga råmelka ut av meg i grådige sugetak.

Hurra for Ingeborg, hurra for meg og hurra for alle gravide, fødande, ammande og vakande kroppar som ber, byssar, byttar bleier og byr på bryst.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.