Ansatte ved Nordlandsforskning har workshop om kollektiv kvalitativ analyse som ein del av seminarrekka Fika och metod.

Fika och metod

Den trufaste lesar har nok fått med seg at eg er interessert i metodeutvikling. Derfor meldte eg meg frivillig til å leia ei seminarrekke om metode ved Nordlandsforskning. No når 2024 nærmar seg slutten har me gjennomført åtte seminar på huset, og prosjektgruppa – Birgit, Solveig, Mathias og eg – har konkludert med at det har vore ein suksess. Me har kosa oss med etnografiske skildringar, nettverksanalyse, systemdesign, evalueringsforsking, kollektiv kvalitativ analyse, kartanalyse og har ein godbit igjen før jul: systemdynamikk. Innhaldet er det stort sett flinke kollegar som har stått føre, og det har vore så fint å få vera imponert over alle dei dyktige folka me jobbar med! Workshopmodell, påspandert lunsj, kjeks, god kaffi og innbakt halloweenfeiring har vore nøkkelelement til suksessen. Men viktigast av alt er innramminga. Så den vil eg gjerne dela, slik at andre forskingsinstitusjonar kan la seg inspirera og kopiera konseptet “Fika och metod”:

Veit du kva det svenske ordet «fika» betyr? Det er eit av mine skandinaviske favorittord og betyr at ein tek ein pause i lag for å drikka kaffi og eta kake. I Rogaland nyttar me nemninga «kaffimad» om kake, kjeks, lefse eller vaffel som gjestfrie og driftige folk serverer til kaffien. Jamfør sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen er kaffikoppen det viktigaste symbolet på gjestfridom i Noreg; det er ei sosial handling og eit måte å ha det hyggeleg på i lag. Svenskane har samla all denne «hyggen», det sosiale limet og fellesskapet i eit einaste ord: Fika. Det er heilt genialt, spør du meg, og det er ein svensk samfunnsinstitusjon som gjerne kan få sin plass i Noreg generelt og på Nordlandsforskning spesielt.

I løpet av seminarrekka «Fika och metod» tilbyr me ikkje berre vanleg pratepause, men også ein pause frå dødlinjer, søknader, e-postar og datainnsamling. Her er du velkommen til å lytta og læra, heilt utan kortsiktige og målbare mål. Kom som du er (du treng ikkje førebu noko) på «Fika och metod»  – ein innhaldsrik pause i ein travel arbeidskvardag på Nordlandsforskning.

Alle tilsette uansett stillingskategori, språkkompetanse og arbeidsstad er velkomne. Presentasjonane vil vera på engelsk eller nordiske språk, og me kan tilby kollegabasert simultantolking til engelsk ved behov. I gruppearbeid og diskusjonar snakkar me det eller dei språka som fungerer for gruppa. Seminara vil gå føre seg på store møterom i Bodø og på Teams/Zoom.

Me syns sjølv at me har snekra i hop eit interessant og spennande program som i hovudsak er fylt med dyktige fagfolk frå eigen organisasjon. Det blir faglege innlegg, men minst like mykje av tida skal gå til øvingar, gruppearbeid og diskusjon. Her kjem ingen av oss til å nikka hovudet søvnig mot brystet etter ein times lytting til tørrprat. Kom å bli inspirert og glad av alle dei fine folka me jobbar i lag med!

Kvart seminar byrjar med lunsj klokka 11.30. Nordlandsforskning spanderer. Deretter kjem den faglege delen frå 12.00-14.30. På grunn av lunsjbestillinga må deltakarar svara på møteinnkallinga seinast fire dagar før. Dersom du har særskilte behov eller allergiar kan du notera det i svaret. Arbeidstida for «Fika och metod» fører du som interntid merka «strategisk: metodeseminar».

Fika och metod - halloweenutgåve. Om "the power of maps" med spøkelseskjeks.

Foto: Marta Anna Løvberg.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content