To foreldre med baby i bilstol går mot inngangen til NAV

Folketrygda: Store forskjellar mellom foreldre

Foreldre får opp til 750 000 kroner frå Folketrygda medan dei er i foreldrepermisjon. Dei som får minst får 92 648 kroner for same jobben. I juni vedtok Stortinget at nokre foreldre ikkje har rett på ei einaste krone.

Gode velferdsordningar for foreldre er ein berebjelkane i den norske velferdsstaten. Menn og kvinner skal kunna kombinera arbeid og omsorg for små barn. Kvinner skal ikkje bli fattige eller avhengig av ektefellen fordi dei får barn.

Derfor har folk rett til barnehage, foreldrepermisjon, kontantstønad, barnetrygd og overgangsstønad for einslege foreldre. Men no blir nykommarar i Noreg ekskludert frå stadig fleire av desse ordningane.

Før sommaren vedtok Stortinget å stilla krav om at ein må ha budd 12 månader i Noreg for å få eingongsstønad. 92 648 kroner har vore minstebeløpet som alle kvinner har rett på i samband med fødsel. Føremålet med ordninga er å sikra likestilling mellom kvinner uavhengig av tilknyting til arbeidslivet og dessutan dekkja nokre av kostnadene ved å ha spedbarn (Ot. Prp 52 (1999-2000).

Foreldrepengeordninga er rausare: Ho kompenserer for lønnsinntekta i 49 veker. Men for å ha rett til dette må ein ha arbeidd 6 av dei siste 10 månadene før fødselen.

Gapet mellom minsteytinga og maksbeløpet er på over 650 000 kroner. I 2012 slo Likestillingsutvalet fast at dette er urimeleg store skilnader og føreslo ei minsteyting på to gonger grunnbeløpet i folketrygda for å sikra alle familiar ei månadleg overføring i permisjonstida. Forslaget vart ikkje følgt opp.

Dei siste 10 åra har 85% av kvinnene arbeidd i tida før fødselen og opparbeidd rett til foreldrepengar, medan 15% berre har fått eingongsstønad. Ingen har rekna på kor mange nykommarar som no vil stå utan rett til statlege overføringar etter fødsel.

Logikken i dei fleste norske velferdsordningane er at folk får utbetalt ein viss prosent av tidlegare inntekt. Dessutan har dei av oss som har hatt lite eller inga lønnsinntekt rett på eit minimumsbeløp. Slike universelle ordningar omfattar alle som bur i Noreg for å sikra alle medborgarar velferd, verdigheit og tryggleik.

Men dei siste åra Stortinget gradvis vedteke endringar som undergrev dei universelle ordningane ved auka krav til butid. No må ein ha budd i Noreg i 5 år for å ha tilgang til arbeidsavklaringspengar, alderspensjon, uføretrygd og kontantstønad, og før sommarferien vedtok altså Stortingsfleirtalet 12 månader butidskrav for eingongsstønaden. Grunngjevinga var at ein vil hindra ukrainarar i å flykta til Noreg.

Etter 2015 er det gjort ei rekke innstrammingar i folketrygda for at asylsøkjarar skal reisa ein annan stad enn til Noreg og for å redusera statlege utgifter. Høyringsinstansane har dessutan peika at innstramingane først og fremst vil flytta utgifter frå folketrygda til kommunale sosialhjelpsbudsjett, og dessutan føra til auka barnefattigdom. Departementet argumenterte med at eingongsstønad til nykomne barnefamiliar ville kunne svekka velferdstilbodet til alle andre i Noreg. Men data frå 22 vestlege land tyder på at det samla sett er lite pengar å spara på å ekskludera nykommarar frå velferdsordningar. Uansett innsparing eller ikkje vil butidskrava føra til større skilnader i statlege overføringar til barnefamiliar og undergrava prinsippa om sosial utjamning og universelle velferdsordningar.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Kronikken stod først på trykk i Klassekampens papiravis måndag 9. september og publisert på nett 10. september.

Analysane i kronikken er ein del av forskingsprosjektet REMIMO.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content