Det er sju år sidan eg tenkte at dersom ein forskar seier «innovasjon» ein gong til no, så klikkar eg. «Innovasjon», «innovativ» og «sosial innovasjon» meg her og der. Kan du ikkje berre seia at nokon har funne på noko nytt? Eller meir vanleg, at dei har endra litt på noko som fanst frå før?
Men i løpet av den regnfulle seinhausten 2024 hadde eg jammen meldt meg på ein workshop om «impact and innovasjon» i regi av Nord Innovasjon. Helga 35 år ville sukka resignert, men der sat eg plutseleg i eit fargesprakande og innovativt møblert møterom og skulle vera med på workshop.
«I verste fall er det ein dags bortkasta arbeid, og det har eg tid til akkurat no. I bestefall kan eg læra noko nytt om formidling og prosessleiing», hadde eg sagt trøystande til meg sjølv på veg til møtet. Men det var med positiv forventning at eg sette meg til bordet for å høyra prosessleiarane fortelja om opplegget.
Eg trur det var fleire enn eg som nikka gjenkjennande då dei sa at kommersialisering og teknologioverføring er lite relevante omgrep for humaniora og samfunnsvitskap. Dei hadde jobba med dette tidlegare, men erfart at det ikkje funka. Derfor hadde dei laga eit opplegg for å jobba fram nytteverdien av forskingsprosjekta til sånne som oss.
Eg noterte meg to nøkkelelement for ein vellukka workshop. For det første brukte me mesteparten av tida på å jobba med eigne prosjekt med penn og papir. For det andre var dei to workshopleiarane gode til å lytta og hjelpa oss på vegen med å formulera ein tydeleg bodskap.
Det første arket me fekk delt ut hadde tre boksar å fylla med innhald: 1) Kva for resultat og kunnskap sit du igjen med? 2) I kva form har du formidla funna? 3) Kva funksjon har kunnskapen og kva kan han brukast til? Me sat saman på gruppebord, men jobba individuelt med eigne prosjekt. Etter ei kort arbeidsøkt tok me ein runde i rommet kor alle fortalte om forskingsresultata sine.
Prosessleiarane kunne kunsten det er å lytta. Det er ikkje alltid lett å forklara forskingsfunn på ein kort og konsis måte. Kven av oss har ikkje prøvd etter beste evne, men enda opp med å strø om seg med faguttrykk ingen forstår, sagt for mykje om intrikate metodar og konkludert med at det er komplisert?
Men dei to prosessleiarane forstod oss. Dei høyrde kva me sa, og formulerte kva dei hadde høyrd. Jo, det var akkurat det eg hadde prøvd å seia! Så kunne eg gjera deira ord til mine og jobba vidare med min eigen bodskap. Dei underviste gruppa ved å trekka fram og kommentera arbeidet til ein deltakar. Ved å lytta til korleis dei hjelpte andre på veg skjøna eg meir av mitt eige.
Neste trinn på workshopen handla om målgrupper og aktørar. Me jobba med å kartleggja alle moglege aktørar som kunne ha interesse av forskinga vår, som brukarar, finansiørar, klientar, kundar og så bortetter. Etter denne kartlegginga valde me ut den primære målgruppa og skulle svara på følgjande: Kva treng målgruppa? Kva utfordringar er det målgruppa møter i kvardagen? Korleis kan forskinga hjelpa målgruppa?
Prosessleiarane tok fram flippover og tusj, og teikna kart i lag med ein deltakar. Dersom den primære målgruppa for prosjektet er elevar i grunnskulen, kva for aktørar og styringsdokument er med i biletet? Det vart eit kart med piler og boksar som inkluderte foreldre, kontaktaktlærarar, læreplanar, kommune, rektorar, skulesjef, direktorat og Storting og fleire til. Å påverka elevars skulekvardag gjer ein i eit komplisert samspel mange aktørar, og det er det viktig å ha klart føre seg dersom ein skal få gjort noko som helst.
Noregs forskingsråd har gjort «impact» til ei øving som skal skildrast på éi tekstside, og som i stor grad avgjer om du får finansiering. Under workshopen var eg for første gong med på å jobba seriøst og systematisk med korleis påverknad kan skje.
Å formulera kva ein har funne ut er essensielt. Me kan ikkje påverka og endra utan at folk får vita kva me har funne ut. Påverknad og nytte er ikkje «poliy briefs» som ingen leser, eller eit føredrag for eit departement. I løpet av workshopen fekk eg ei betre forståing av kor komplisert påverknad er, og kor konkret bodskapen må vera.
Prosessen likna andre workshopar eg har vore med på. Essensen er god prosessleiing, tid til å jobba med eigne greier i gruppe og trinnvise prosessar slik at ein kan byggja opp meistringskjensla og refleksjonsnivået. Det er eigentleg rart at denne måten å jobba på er så lite vanleg i akademia.
Då eg sykla for å henta i barnehagen den dagen var eg glad og motivert fordi eg hadde hatt ein lærerik og nyttig dag. Eg var mett og god på felleslunsj, twist og kjeks, og litt rusa på for mykje kaffi. Ein skal verkeleg ikkje undervurdera nytteverdien av enkel servering.
Med meg i sekken hadde eg ei rekke korte og gode formuleringar om prosjektet mitt, målgruppa og nytteverdien. Det får eg nytte av. Eg hadde dessutan ei liste med konkrete idear til korleis eg skal formidla mitt eige prosjekt om kollektiv kvalitativ analyse: 1) Eg skal laga ein logo, 2) eg skal laga ei e-postliste og 3) eg skal arrangera eit gratis digitalt føredrag. Det er fleire idear på lista, men eg byrjar der.
Dagen etter workshopen kunne kollega Mathias opplysa meg om at tittelen «Be a magpie» speler på mytane om skjæra som stel alt som glitrar og blenkar. Magpie er fuglen skjære! Eg innrømmer at eg er lat med ordboka. Men eg kunne konstatera at det verkeleg var glitter i prosjekta til alle som deltok på workshopen. No ser eg fram til oppfølgingsseminaret som innovasjonsfolket har lova å kanskje arrangera etter jul. Eg kjem!
Denne teksten har eg skrive på oppdrag frå Nord Innovasjon, og han vart først publisert der.
Foto: Karoline O.A. Pettersen