Nordlyset

Turistane reiser verda rundt for å sjå det.
Nordlyset.
Det forstår eg godt,
for det er så vakkert
nordlyset.
Utanomjordisk
mystisk
magisk.

Eg har sett det mange gonger før,
men lengtar etter å sjå det igjen.
Nordlyset.

Kvar gong vil eg ha meir
meir av
nordlyset.
Meir farge,
meir rørsle,
meir grønt,
meir rosa
meir lys.

Det bølgjande
buktande
lysande
strålande
nordlyset.

Men i gata ser eg det ikkje,
nordlyset.
Sjølv når eg skuggar for auga,
forsøkjer å skjerma meg frå
ledlyset
5000 kelvinlyset
gatelyset
flombelysninga.
Eg skimtar kanskje eit eller anna grønskjer
på himmelen
dersom eg ser godt etter.

Men det eg opplever er å bli
blenda.
Av kvitt
stikkande
skjerande
lys.
Frå gatelyktene.

Eg drøymer om å sjå
nordlyset
frå trappa.
Eg bur her
kor nordlyset finst.
Men eg ser det sjeldan.
Eg ser det ikkje.
Eg erfarer det ikkje,
kjenner det ikkje.

Eg er blenda.

Foto: Helga Eggebø

4 thoughts on “Nordlyset”

  1. Helena Gonzales Lindberg

    Kan bare si meg helt enig – vil også se nordlys når jeg bor her i nord!
    Skru av flombelysninga og la mørket være mørkt!

  2. Veldig bra Helga. Det er så gjenkjennelig det du skriver, særlig for oss som lever under nordlyset .

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content