Offeromgrepet

Offerideologien er eit maktspråk. Sosialarbeidarar, sosiale rørsler, terapeutar og aktivistar kjemper for offerstatusen til grupper dei har gjort seg til talspersonar for, for på denne måten å oppnå merksemd, sympati og stønad. Samstundes avviser offergrupper som incestutsette, valdsutsette kvinner og prostituerte offeromgrepet og kallar seg sjølv for høvesvis ”survivors” eller ”sexarbeidarar”. Er offeromgrepet ei kjelde til makt eller eit stigma?

Denne artikkelen fokuserer på kva konsekvensar offeromgrepet har for fordeling av rettar og plikter innanfor ulike institusjonelle rammeverk. Offerstatus kan vera ein føresetnad for sympati, rettar og stønad og derfor kan det vera attraktivt å oppnå offerstatus. Men på den andre sida kan offerstatusen oppfattast som stigmatiserande, og dette kan føra til at individ eller grupper snarare kjemper for å kvitta seg med offerstatusen. I prinsippet kan ein tenkja seg at offerstatus kan vera tilgjengeleg eller utilgjengeleg, ønska eller uønska både på individnivå og på gruppenivå. Føremålet med denne artikkelen er å seia noko om for kven og under kva omstende offerposisjonen er tilgjengeleg eller utilgjengeleg, og kvifor offerposisjonen kan vera både ønska og uønska. Med utgangspunkt i døme relatert til vald mot kvinner, sosialpolitikk, arbeidsrettar og prostitusjon drøftar eg ambivalensen i offeromgrepet.

Offerideologien brer om seg

Offerideologien er ein retorisk ressurs som vert teke i bruk i aukande grad av dei som ønskjer å setja fokus på sosiale problem, skriv sosiologen Joel Best (1999:xiv). Best brukar samlenemningane ”ny kriminalitet” og ”nye offer” på ei rekke tilsynelatande ulike sosiale problem som har fått auka offentleg merksemd frå 1975 og utover. Han nemner mellom anna valdtekt i ekteskapet, seksuell trakassering, hatkriminalitet, posttraumatisk stressyndrom (PTSD), satanisk og rituelle vald, fyllekøyring og UFO-bortføringar som døme. Det er ikkje fenomenet i seg som er nytt, men måten ein snakkar om ofra på. Best viser korleis kvinnerørsla, konservative kristne og terapeutar nyttar seg av ein del felles retoriske grep som han karakteriserer som offerideologi (Best 1999:95-96). Offerideologien har sju karakteristikkar: 1) Ein insisterer på at problemet er omfattande, og dette legitimerer politiske krav. 2) Ein hevdar at ofra har store psykologiske problem på grunn av det dei har vore utsette for, og dette inviterer til å patologisera ofra. 3) Ein etablerer klare grenser mellom offer og overgripar for å gjera det tydeleg at offeret sjølv er uskuldig. 4) Ein hevdar at det aktuelle problemet er usynleggjort i samfunnet. 5) Ofra forstår ikkje alltid sjølv at dei er offer, men må hjelpast til å forstå dette. 6) Ein kritiserer rettsvesenet for å leggja skulda på ofra. 7) Det siste kjenneteiknet på offerideologien er at ein avviser offeromgrepet og introduserer omgrep som ”survivor” (Best 1999:105-118). Poenget til Best ser ut til å vera at offerposisjonen er for lett tilgjengeleg for alt for mange grupper. Best er mest fokuserer på at offerposisjonen er ønska, fordi han er eit grunnlag sosiale og juridiske rettar.

Retten til å vera offer

Kvinnerørslas kamp for å setja fokus på vald mot kvinner er eigna til å illustrera korleis offerperspektivet kan fungera som ein viktig retorisk ressurs for sosial mobilisering. Offerperspektivet stod sentralt då kvinnerørsla på 1970-talet sette vald mot kvinner på den offentlege dagsordenen (Eggebø 2007). På den tida var kvinnemishandling eit ”skult” problem. Vald i heimen vart sett på som ei privatsak, og politiet registrerte vald under nemninga ”husbråk” (Ahnfelt 1987). Kvinnerørsla braut med denne tolkinga og fokuserte på maktulikskap mellom menn og kvinner. Dei insisterte på at det var snakk om ein overgripar og eit offer, i staden for å sjå på kvinner som provoserande deltakarar i ein konfliktsituasjon. Dei kjempa for kvinners rett til å vera offer, i både moralsk og juridisk forstand (Ericsson 1993). Offerperspektivet var nyttig for å synleggjera vald mot kvinner som eit samfunnsproblem og offerstatusen var viktig for å oppnå hjelpetiltak og stønadsordningar. Kampen handla om å gjera offerposisjonen tilgjengeleg for valdsutsette kvinner, og offerposisjonen var ønska på gruppenivå i den forstand at det var kvinnerørsla sjølv som kjempa for retten til å vera offer.

Offeromgrepets bakside

Men offerperspektivet har aldri vore ukontroversielt, korkje internt i kvinnerørsla eller i samfunnet elles. Retten til å vera offer fører gjerne med seg plikta til å vera stakkarsleg, svak og framstå som eit passivt objekt. Frå kvinnerørsla sitt perspektiv var dette eit paradoksalt resultat. Poenget med å hevda kvinners rett til å vera offer var å setja fokus på over- og underordningsrelasjonar og maktulikskap mellom kjønna. Målet for kvinnerørsla var at kvinner skulle fri seg frå rolla som Den andre, som passivt objekt og få status som sjølvstendige handlande subjekt (Ericsson 1993:76). Paradokset oppstår når offeromgrepet blir forstått som ein individuell karakteristikk i staden for eit relasjonelt omgrep: ”When the concept of victim is used as an individual description, not as a relational term, (…) the difficulty, in fact lies in the woman. She should have been someone other than herself” (Høigård 1993:53). Når offeromgrepet blir brukt som ein individkarakteristikk med konnotasjonar til passivitet, maktesløyse og hjelpeløyse vil offerposisjonen gjerne vera lite attraktiv frå ståstaden til den utsette. Joel Best (1999) skildrar offerideologien som ein mektig retorisk ressurs. Den skildringa han presenterer må supplerast; offeromgrepet er ikkje utelukkande ein tilgjengeleg og ønskeleg retorisk ressurs. Offeromgrepet referer ikkje lengre til ein undertrykkande situasjon, men er no synonymt med eit mentalt individuelt problem. Dei kulturelle forventningane som ligg i offeromgrepet inngår i og formar erfaringane til ofra. Offeromgrepet er assosiert med passivitet, objektstatus og manglande handlekraft. Valdsoffer har begynt å unngå merkelappen ”offer” nettopp på grunn av desse negative assosiasjonane og konnotasjonane som omgrepet rommar (Lamb 1999:8-9).

Prostituert – offer eller ikkje offer?

Debattar om prostitusjon sirkulerer rundt omgrepet ”offer”. Prostitusjonsdebatten er politisert og polarisert og offeromgrepet inngår i dette. Nokre insisterer på prostituertes offerstatus, andre avviser offeromgrepet og argumenterer for at prostitusjon er å sjå på som sexarbeid. Prostitusjonsforskar May-Len Skilbrei kastar lys over det tvitydige i offeromgrepet i hennar analysar av austeuropeiske kvinner i prostitusjon: ”Det å få merkelappen offer er ment å være rettighetsutløsende, men merkelappen bringer også med seg en form for skam, en skam over å feile og å ikke kunne passe på seg selv” (Høigård sitert i Skilbrei 2007:10). Offerstatus kan vera ein føresetnad for juridiske og sosiale rettar. Dette er grunnen til at offerretorikken har vist seg å vera nyttig når ein kjempar for synleggjering av og handtering av sosiale problem. Offerstatus er ikkje udelt positivt for dei som blir denne statusen til dels. Som Skilbrei peikar på, medfører merkelappen offer skam. Offeret har mislukkast i å handtera livet sitt. Problemet ligg hos offeret sjølv, i offerets personlegdom. Mange prostituerte ser på seg sjølv som entreprenørar i eit spel der det er om å gjera å utnytta situasjonen og passa på seg sjølv. Her vil offeret vera taparen som ikkje meistra spelet (Skilbrei 2007:8). I denne samanhengen ser me korleis offerstatus glir over frå å vera rettigheitsutløysande juridisk term til å bli forstått som ein negativ karakteristikk av eit individ. Offeromgrepet blir eit spørsmål om sjølvbilete heller enn situasjonar og maktrelasjonar.

Offer for menneskehandel

Er det mogleg å skilja ein juridisk offerstatus frå offeromgrepet som ein stigmatiserande individkarakteristikk? Anette Brunovskis (2007) skriv om hjelpesystema for heimvendte offer for menneskehandel og illustrerer ambivalensen i offeromgrepet. Ho viser korleis det blir skapt eit skilje mellom ”uskyldig ofre for menneskehandel” og ”skyldige prostituerte”, og dette er knytt til kor vidt kvinnene oppfører seg i tråd med forventningane til offerrolla. Offerstatus er vove saman med kjønnsnormer: ”Å være en skikkelig jente involverer å innta en underdanig holdning og å være blyg, som også kan sees som det motsatte bildet av å være prostituert” (Brunovskis 2007:30). Mange av hjelpeordningane inneber dessutan at kvinnene blir underlagt kontroll i form av avgrensa rørslefridom og restriksjonar i kommunikasjonsbruk. Kontroll og restriksjonar blir rettferdiggjort med å visa til at offer for menneskehandel er skada og umodne og derfor lett igjen kan bli lurt av menneskehandlarar. Slik infantilisering, gjerne kombinert med patologisering gjennom diagnosar som posttraumatisk stressyndrom (PTSD), blir brukt for å etablera kvinners uskyld og dermed offerstatus. Hjelpetiltaka inneber ein tydeleg forventning om at kvinnene må visa vilje til å forandra seg (Brunovskis 2007:29). Brunovskis illustrerer korleis det blir gjort eit omfattande disiplineringsarbeid for at kvinner i prostitusjon skal passa inn i bildet av idealofferet. Offerstatusen gjev nokre rettar, men berre under føresetnad av at ein gjev opp andre rettar gjennom å underkasta seg reglane i hjelpesystemet (Brunovskis 2007:35). Dette illustrerer ein tydeleg ambivalens i offeromgrepet, og det kan derfor vera nærliggande å spørja om dei potensielle fordelane offerstatusen inneber blir overskugga av dei ulempene omgrepet medfører.

Rettar utan offerstatus?

Finst det andre måtar å distribuera rettar og plikter enn gjennom offerstatus? Velferdsstatsteoretikaren T.H. Marshall (1992) skriv om utviklinga i medborgarskapet og sosiale rettar på 1900-talet, og drøftinga har nokre interessante parallellar til diskusjonen om offeromgrepet. Dei første engelske lovane som regulerte arbeidstid og arbeidstilhøve ved fabrikkane, vart berre gjort gjeldande for kvinner og barn, ikkje for vaksne menn. Lovregulert arbeidsvern vart sett på som ei krenking av borgarens sivile rettar; vaksne menn skulle ha fridom til å inngå dei kontraktane dei måtte ønskja, utan innblanding frå myndigheitene (Marshall 1992:15). Vern og lovregulering var til for svake grupper, og stod i altså i motsetnad til å bli anerkjent som fritt og handlande subjekt. Dette illustrerer noko av den same ambivalensen som diskusjonane om offeromgrepet; rettar og vern kan avhenga av at ein er definert som svak og hjelpelaus. Men å bli definert som passiv og svak blir gjerne oppfatta som stigmatiserande og fornærmande, og tilskriven offerstatus har ein tendens til å skapa motstand. Kvinnerettsforkjemparane i England motsette seg derfor at kvinner skulle få særskilt vern. Men arbeidslivslovgjevinga har endra seg radikalt sidan byrjinga av 1900-talet. No er vern i arbeidslivet ein grunnleggande sosial rett (Marshall 1992:15), og rettane på dette feltet er ikkje på same måte avhengige av offerstatus. Dersom offerstatus er ein føresetnad for sosiale rettar, kan det innebera at grupper og enkeltpersonar seier frå seg rettane til fordel for subjektstatus. Men dette historiske dømet syner samstundes korleis vern kan gå frå å vera ei form for umyndiggjering til å bli ein kollektiv sosial rett, uavhengig av individets status. 

Sosialpolitikk – dei verdige trengande

I boka Gatekapital (Sandberg and Pedersen 2006) skriv forfattarane om eit marginalisert miljø langs Akerselva i Oslo. Dei analyserer to sentrale diskursar som gutane langs elva nyttar seg av: ”en undertrykkelsesdiskurs og gangstardiskurs” (Sandberg and Pedersen 2006:224). Gjennom å gjera bruk av undertrykkingsdiskursen evner dei å framstilla seg sjølv som offer i møte med hjelpeapparatet. Fordelen med offerposisjonen er at statusen som ”verdig trengande” kan medføra sosiale rettar. For hjelpeapparatet er undertrykkingsdiskursen nyttig og naudsynt for å legitimera og skaffa pengar til hjelpetiltak. Problemet med offerrolla er at han lett gjev ei kjensle av avmakt  Her kjem gangsterdiskursen inn i bildet som ein alternativ motkultur og eit slags verdigheitsprosjekt (Sandberg and Pedersen 2006:237-238). For gutane ved Akerselva er offerposisjonen tilgjengeleg. Men offerposisjonen kjem i konflikt med gangsterdiskursen, og derfor kan offerstatus framstå som ein uønska på individuelt nivå. ”Gatekapital” handlar om å spela på og utnytta offerposisjonen i nokre situasjonar, og samstundes oppnå respekt og status gjennom å gjera bruk av gangsterdiskursen (Sandberg and Pedersen 2006:239). På denne måten forhandlar dei offerposisjonen i høve til andre rollar, og kanskje går det dermed an ”å være undertrykt uten å være offer” (Sandberg and Pedersen 2006:241). 

Offer – konstruksjon eller realitet?

Er det undertrykking eller offeromgrepet i seg sjølv som er problemet? Nokon fokuserer på sjølve offerspråket som problematisk : ”There are many ways to victimize people. One way is to convince them that they are victims” (Hwang 1997: 41 sitert i Gavey 1999:62). Er offeromgrepet undertrykkande i seg sjølv, eller er offeromgrepet ein språkleg referanse til ein undertrykkande relasjon eller ein situasjon? Som ein karakteristikk av eit individ eller ei gruppe kan offeromgrepet vera stigmatiserande, forsterka stereotypiar og fremja eit negativt sjølvbilete og dermed potensielt sett fungera undertrykkande i seg sjølv. Samstundes er det eit problem med den kritikken som blir retta mot offeromgrepet; dersom ein blir alt for oppteken av å kritisera dei som brukar offeromgrepet, kan den undertrykkinga eller maktrelasjonen som offeromgrepet refererer til koma heilt i bakgrunnen. Diskusjonar om offeromgrepet kan vera ei avsporing. På den andre sida har dei språklege konnotasjonane til offeromgrepet til tider svært reelle konsekvensar. Offeromgrepet er assosiert med passivitet, hjelpeløyse og objektstatus, og i ein del tilfelle vil evna til å passa inn i dette biletet vera ein føresetnad for å oppnå dei rettane som offerstatusen medfører. Paradoksalt nok kan det krevja svært så aktiv forhandling, tilpassing og disiplinering for å passa inn i biletet av det passive objektet, den verdig trengande og det ideelle offeret. Offeromgrepet er ambivalent og tvitydig fordi rettar og stigma er vove inn i kvarandre; individa kan bli møtt med ”plikta” til å passa inn i det potensielt stigmatiserande bildet av offeret, for å oppnå dei rettane offerstatusen er meint å gje.

Denne artikkelen vart først publisert i Impuls – tidsskrift for psykologi nr 3 2007, årgang 61.

Illustrasjonsfoto: “Not a Victim!” av SurFeRGiRL30, CC BY 2.0.

Referansar:

Ahnfelt, Ellen. 1987. “Kvinnemishandling – fra privat problem til offentlig ansvar. En dagsordensbyggingsprosess.” Insitutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo.

Best, Joel. 1999. Random Violence. How We Talk about New Crimes and New Victims. London: University of California Press

Brunovskis, Anette    . 2007. “Hjemme best? Situasjonen for hjemvendte ofre for menneskehandel på Balkan og i Øst-Europa.” Tidsskrift for kjønnsforskning 01/07:21-36.

Eggebø, Helga. 2007. “Offeromgrepet – til last eller gagn? Undersøking av offeromgrepet med utgangspunkt i institusjonell etnografi.” Institutt for sosiologi og samfunnsgeogravi, Universitetet i Oslo.

Ericsson, Kjersti. 1993. “Kvinner som handlende offer.” Nordisk Tidsskrift for Kriminalvidenskab 2:76-85.

Gavey, Nicola. 1999. “”I Wasn’t Raped, but…”: Revisting Definitional Problems in Sexual Victimization.” Pp. 57-81 in New versions of victims : feminists struggle with the concept, edited by S. Lamb. New York: New York University Press.

Høigård, Cecilie. 1993. “The victim as expert: active and captive.” NORA 1:51-64.

Lamb, Sharon. 1999. “Constructing the Victim: Popular Images and Lasting Labels.” Pp. 108-138 in New versions of victims : feminists struggle with the concept, edited by S. Lamb. London: New York University Press.

Marshall, T.H. . 1992. “Citizenship and Social Class.” Pp. 3.51 in Citizenship and Social Class, edited by T. H. Marrshall and T. Bottomore: Pluto Press.

Sandberg, Sveinung and Willy Pedersen. 2006. Gatekapital. Oslo: Universitetsforlaget.

Skilbrei, May-Len. 2007. “”Natachas” to liv: Østeuropeiske kvinner forteller om migrasjon prostitusjon og skam.” Tidsskrift for kjønnsforskning 01/07:5-20.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content