Skyhøge søknadsgebyr

Gebyra for å levera søknad om opphaldsløyve i Noreg har aukt dramatisk i det siste. Lenge kosta det rundt 3000 kroner å søkja om opphald på grunn av familieinnvandring. Rundt 2015 var prisen auka til 5200 kroner. Då eg skreiv om dette i haust var gebyret på 8000 kroner og frå første januar i år koster må søkjaren betala heile 10.500 kroner for å få søknaden sin handsama.

Gebyrer varierer etter kva type søknad det er snakk om. Det er mykje dyrare å søkja om familieinnvandring enn andre typar løyve:

  • Opphaldsløyve for å arbeida: 5300
  • Student og au-pair: 5300
  • Familieinnvandring: 10.500
  • Fornya søknad om familieinnvandring: 2600
  • Permanent opphaldsløyve: 3100

Det er litan tvil om at desse skyhøge søknadsgebyra for nokon vil vera eit reelt hinder for å bli gjenforent med sin ektefelle og barn. Mest sannsynleg er det også poenget: Søknadsgebyret fungerer som eit av mange verktøy for å begrensa og hindra familieinnvandring til Noreg.

Berre på eit par månader har prisen på å søkja om familieinnvandring gått opp med flere tusen kroner. Frå 1. januar 2018 kostar det 10.500 kroner i gebyr å søkja. Endringa vart enkelt gjennomførd av Justis- og beredskapsdepartementet ved å endra utlendingsforskrifta § 17-10.

Får du avslag får du sjølvsagt ikkje pengane igjen. Gjer du ein feil i skjemaet og får søknaden avvist på formelt grunnlag må du søkja på nytt og betala på nytt. Får du innvilga søknaden må du likevel betala nesten 3000 kroner for å fornya søknaden 1-2 år seinare. Når du etter fleire år på mellombels opphaldsløyve kvalifiserer for permanent opphald, koster det også 3100 i søknadsgebyr.

I Storbritannia har også søknadsgebyra i utlendingsforvaltninga auka dramatisk. Prisen for å søkja om opphaldsløyve er 2297 pund, altså 25.000 kroner. The Guardian har gått søknadsgebyra etter i saumane og melder at The Home Office (tilsvarer norske UDI) har opp til 800 % profitt på arbeidet med å behandla søknader. Den aller høgaste gebyret tek dei for å handsama søknaden til gamle og sjuke foreldre. Gebyret er på 3250 pund, medan kostnaden ved å handsama søknaden berre er 423 pund. Denne typen opphaldsløyve er dessutan den som har aller minst sjans for å bli innvilga. Den økonomiske risikoen er altså enorm, så det er litan tvil om at funksjonen gebyret har er å hindra folk i å det heile søkja.

I same periode har The Home Office fått store kutt i budsjetta sine, og The Guardian meiner derfor at dei har sterke insentiv til å avslå søknader på grunn av detaljfeil i søknaden for på denne måten å tena endå meir pengar på at folk må søkja på nytt.

Se også oversikt over søknadsgebyra i Nederland.

Kjelder:

Illustrasjonsbilde: Fasadeskilt av Utlendingsdirektoratet CC BY-NC-ND 2.0

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content