Sykkeltur langs Blodvegen

Marta Anna og eg tok ettermiddagstoget frå Bodø til Saltdal. Sola hadde gløtta innom Bodø etter ein regntung morgon, men etter kvart som me kom lenger innover i landet la skydekket seg på plass over landskapet og slapp regnet ned mot bakken.

Endeleg fri, endeleg sykkel! Med spenning og forventning hoppa eg i regntøyet og sykla nokre minutt frå stasjonen til Rognan hotell kor me hadde basecamp den helga.

Vel innlosjert på hotellet skulle me ta ein liten kveldstur. Eg var ikkje sikker på om eg gadd. Det freista å lesa bok og elles gjera ingenting. Men ein liten tur bort til Saltdal bygdetun kunne eg bli med på.

Eg kledde meg i regntøyet og la soppnettet i sykkelveska for sikkerheitsskuld. Medan me sykla gjennom Rognan sentrum, forbi kyrkja og ut til Saltneset stod ein klår og fargesterk regnboge over Rognan.

Ein klår regnboge lyser over Saltdal kyrkje

Me rusla rundt dei gamle bygningane som høyrer til museet. Stabbur som kanskje er frå så tidleg som 1400-talet, og i alle fall fleire frå 16- og 1700-talet. Gamle trebygningar i grått tømmer som luktar godt.

På bygdetunet las me om «Blodvegen» som vart bygd av jugoslaviske partisanar under andre verdskrig. Dei var teke til fange av den tyske okkupasjonsmakta og sendt nordover til tvangsarbeid og død.

Me sykla vidare langs denne vegen og såg på forskjellige minnesmerke: Ein raudmala kross i bergveggen som jamfør historia først vart mala med blodet til eit menneske, minnestein pynta med blomar og to krigskyrkjegardar som ligg stille og vakkert til oppi dalen, skjerma frå E6.

Kyrkjegarden ligg vakkert til i furuskogen. Det var eit beitegjerde også der i området. Eg trur det kan vera for fôring av rein. Furuskogen var dessutan også rik på sopp. Eg plukka med meg nokre fine smørsoppar. Smørsoppen lever i symbiose med furutre.

Me sykla på oppdagingsferd vidare oppover den tronge dalen, forbi ei vakker myr og så nedover mot Botnvatnet. Vatnet ligg klemt mellom fjellsidene og innst i dalen ved elva ligg det fleire gardstun.

Me tok hengebrua over og gjekk ein liten tur langs vatnet, gjennom skogen og bort til Ingeborgfossen. Herifrå går stien langs fossen og heilt opp på fjellet. Men den turen får bli ein annan gong.

Me sykla tilbake til E6 og Blodvegen som går side ved side langs fjorden. Sjølv om det nærma seg skumringstimen ville me sjå kor denne vegen førte oss hen.

Vidare var Blodvegen skilta som bomveg, men me kom lett forbi jordvollen i vegen med syklane. Blindveg for bilar men ikkje for syklistar og gåande, men det hadde dei nett gløymt å skriva på skilta. Etter nokre kilometer langs E6 går Blodvegen utom neset og E6 i tunell. Me svinga av dit og trilla syklane forbi bommen.

Vidare gjekk den originale vegen som krigsfangane bygde. Han er gjengrodd men godt framkommeleg med sykkel mest heilt til endes. Mosen etter opp asfalten frå sidene. Trær og buska lener seg meir og meir inn over vegen. Det var skumringstime og vakkert langs fjorden. Då vegen nærma seg E6 igjen kom me inn i eit rasområde. Det låg mykje stein på vegen og fjellsidene var bratte. Her gjekk vegen vidare som sti og dermed snudde me og sykla tilbake til hotellet.

Ein liten kveldstur til museet balla på seg og vart til nesten tre mil oppdagingsferd. Endå var det mykje meir me kunne utforska langs vegen: Kjerrevegar innover i skogen, eller ein avstikkar til eit kvernsteinsbrot. Me var yre og glade over denne kvelden som hadde budd på så mykje meir enn me kunne førestilla oss.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content