Ting i livet eg likar

Eg likar å ha fri, og gjera som eg vil. Eg likar å stå opp tidleg sjølv om eg ikkje skal på jobb. Eg likar morgonsider og morgonkaffi før ungane og dei fleste andre har stått opp.

Eg likar å steika eit godt brød om morgonen, og gjera yoga medan brødet er i omnen. Eg likar å ta meg eit havbad og så ein dusj før klokka blir åtte. Men så vil eg heller gå i skogen enn på kontoret.

Eg vil heller jakta på sopp i skogen enn å skriva søknader. Det er så fint å flyta rundt åleine i skogen, gå sakte og smygande mellom trea, skjerpa blikket for soppen som lurer i mosen, under lauvet og klemt mellom trerøtene.

Eg likar det guloransje lyset frå kantarellen, og eg likar den herlege spente forventninga når eg ser ein bollebrun sopphatt som må vera steinsopp – boletus edulis. Eg gallopperer bort for å sjå om han er fin eller øydelagt av sneglar eller parasittar. Eg likar den sprø konsistensen av lys piggsopp. Dei piggete sporane som knekk og drysser så lett frå den saftige og kjøtfulle soppen.

Eg likar å plukka solbærbuskane nesten reine for djuplilla bær. Solbær er det beste syltetøyet, nest etter det fantastiske plommesyltetøyet bror min og eg laga i år.

Me hadde plommeworkshop og laga plommekake, syltetøy og hermetiserte plommer, slik farmor og farfar pleidde gjera det. Eg sette ikkje pris på plommer på Norgesglas då eg var barn, men no er det verdas aller beste dessert.

Det hastar å få bær og frukt på glas eller i frysaren. Det hastar mykje meir enn den artikkelen eg skriv på. Syltetøy trengst til vinteren. Eg er meir i tvil om det trengst meir forsking.

Helga plukkar rips langs Saltdalselva.

Eg likar å sykla rundt og speida etter bringebærkratt i vegkanten, sopp i grøfta og molte på myrene langs vegen. Ser eg noko som glimtar av sopp eller bær, så slenger eg Mørkvedekspressen i grøfta og kaster meg ut i krattet eller myra med hjelm og refleksvest.

Eg likar å henta maten frå åkeren, pallekarmen, krattet, grøfta, fjæresteinane og skogen. Når eg er oppslukt med hausting lurer eg aldri på kva som er meininga med livet. Det seier seg sjølv. Det er livets eigen rytme. Det spirer, veks og døyr. Bringebæra, trea, fuglane og eg.

Dersom KI stod for kirsebær ville eg vore interessert. Eg hentar gjerne KI frå trea dine før trosten eller frosten tek dei. Hermetiserte kirsebær – KI på glas – eg lurer på om det er godt?

Eg har det alt for travelt til å jobba. Eg er lei for det, men eg har ikkje tid til det innestengde livet framføre datamaskinen. Det er no potetene skal opp, squashen må haustast og bæra plukkast. Det er no det skjer og livet har ein annan rytme enn kontorets årstidslause monotoni. Mat må me ha, men meir skrift på digitalt papir?

Foto: Elida Røe Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content