Vatnet i munnen
den syrlege, friske og stikkande kjensla av
boblevann.
Tunga bøyer seg lett mot ganen
og spissen kviler bak tennene.
Den tørre kjensla av søvn i munnen
blir vaska varsamt bort.
Det er ein ting eg likar.
Den milde lufta av våren
som ikkje skulle vore her endå.
Huda mot innsida av buksa
utan stillongs mellom.
Øyra som bli litt kalde
utan hua.
Men ikkje veldig.
Lyden av piggdekk mot bar
asfalt.
Lyset i overflod.
Frå morgon til kveld.
Det er ein ting eg likar.
Det gule blaute graset
i grøfta og mellom trea.
Gult gras blanda med noko
grønt i plenane.
Brune blader her og der.
Blautt og halvrote.
Innimellom spirar det
allereie.
Det gule blaute graset.
Det er ein ting eg likar.
Foto: Helga Eggebø