8. mars – igjen

Då var det 8. mars – den internasjonale kvinnedagen – igjen. Kjære feministar og de andre, byrjar ikkje denne feiringa å gå litt på tomgang? Er det ikkje på tide å lansera nokre nye og spennande debattar og perspektiv i staden for det same gamle gnålet? Eg har nokre forslag til nyskapande og grensesprengande parolar og oppslag som kunne sprita opp 8. mars til neste år:

  • 8. mars er utdatert – me er i mål med likestillinga.
  • Likestillinga har gått for langt – gutar er taparane i skulen.
  • Kvinnerørsla har svikta minoritetskvinnene!
  • Glasstaket er knust. Kvinner må sjølv tørre å ta leiaransvar.
  • Kvinner må slutte å vera flinke piker og heller gje litt meir faen.

Og til slutt; det som verkeleg hadde fore fresjt og nytt hadde vore om me kunne finna ein mann på venstresida, som er kritisk til likestilling, multikulturalisme og identitetspolitikk. Er det mogleg å finna noko så sjeldan?

Gratulerer med dagen!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content