People of the Book

Ein 500 år gamal jødisk “familiebibel”, illustrert i katolsk stil, er utallige goner redda frå bokbrannar og religionskrig, av truande muslimar. Historia om Haggadahen frå Sarajevo er utgangspunktet for romanen “People of the Book” av Geraldine Brooks.

Eg satt på flyet heim frå ei lang reise og streva med ein roman som ikkje heilt fenga meg. Derfor bestemte eg meg for å prøva ei anna eg hadde liggande på Kindlen. Eg hadde ikkje lese meir enn eit par sider før eg fekk kjensla av å forsvinna ned i eit kaninhòl, oppslukt av ei fabelaktig, mystisk eventyrverd.

People of the Book er ei historie om religiøs fanatisme, og om folk som blir forfølgd, deportert og drepne på grunn av si tru. Men samstundes er det også ei bok om humanisme og respekt for medmenneske, uavhengig av deira religiøse bakgrunn. Like mykje som ei historie om fanatisme og barbari, er det ei fortelling om kulturutveksling, kunst og intellektuelle tradisjonar.

I lys av den politiske situasjonen i dag, er dei historiske grusomheitene skildra i boka, som me alle kanskje trudde var eit tilbakelagt kapittel i historia, skremmande aktuelle. Samtidig gjev det von å lesa om menneska som risikerer livet for å redda menneske og kulturskattar som tilhøyrer andre religionar enn dei sjølve. Der er alltid menneske som nektar å bøya seg for politiske leiarar som vil ha oss til å drepa i religionens namn.

Illustrasjonsbilde: Mocatta Hagaddha Early 14th century-1 (2) av Ze’ev Barkan, CC BY 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content