Likestilt foreldreskap?

Noreg er verdskjent for ei foreldrepermisjonsordning som legg til rette for likestilling i familien. Men ordninga er ikkje for alle. Lovverket tvinger kvinnelege ekteskapsinnvandrarar til å halda seg heime og passa barnet medan far er på jobb.

Kvart år er det fleire tusen kvinner som innvandrar til Noreg etter å ha gifta seg med ein norsk mann. I likskap med mange andre nygifte par, er det mange som får barn.

Men kvinner som nett har kome til Noreg har ikkje opptent rett til foreldrepengar, og får berre eit par titals tusen i eingongsstønad.

Norske fedrar derimot, har stort sett vore i arbeid før fødselen. Men dei har ingen individuelle rettar. Dei har ikkje rett på fedrekvote når kona ikkje har vore i jobb. Dei kan heller ikkje nytta seg av fellesdelen med mindre kona er i jobb eller utdanning.

Løysinga for fedrar som vil ta seg av ungane sine, blir dermed at kona byrjar i jobb eller utdanning. Men å få seg jobb når ein er ny i landet er ofte ikkje så lett. Heldigvis har ekteskapsinnvandrarar rett og plikt til norskopplæring etter introduksjonslova. Problemet er berre at norsk og samfunnsfagsopplæring for ekteskapsinnvandrarar ikkje er utdanning god nok til at far kan vera heime og ta ut foreldrepengar.

Dermed har ikkje desse para anna val enn at mor er heime til ungen byrjar i barnehagen. Då tek det sjølvsagt lengre tid før mor lærer norsk og kan byrja i jobb, enn det ville gjort dersom far hadde høve til å ta ut foreldrepengar og vera heime med barnet ei tid.

Introduksjonsprogrammet for flyktningar tel, heldigvis, som utdanning god nok til at far kan ta permisjon. På same vis tel lærlingplass, vidaregåande og høgare utdanning. Det er berre rett og rimeleg, og legg til rette for at likestilt forelderskap skal vera mogleg for både studentar og nyankomne flyktningar. Det eg ikkje kan forstå er kvifor ekteskapsinnvandrarar og deira ektefeller ikkje skal ha same moglegheita.

Det norske foreldrepermisjonsrodninga er fullt av paradoks. Føremålet er (mellom anna) å leggja til rette for likestilt forelderskap. Likevel har ikkje far sjølvstendige rettar. Myndigheitene uttrykker stadig uro over at innvandrarar ikkje er så likestilte som oss andre. Men samstundes er regelverket til effektivt hinder for nettopp det.

Foto: Dianne Lee asian mother and child av Din Jimenez, CC BY 2.0

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content