Er det gut eller jente?

Eg må seia eg undrar meg over ein ting: Kvar einaste gong eg nemner at eg har ein unge, og forsåvidt også når eg har han med nokon stad og me treff folk me ikkje kjenner, så spør folk: “Er det gut eller jente?”. Heilt gjennomgåande er det det første spørsmålet alle stiller.

Slik var det også då eg var gravid. I ein litt annan variant: “Veit de kva det blir?” Eg måtte som regel slå meg vrang og seia: “Det blir vel ein unge”. Men eg skjøna jo veldig godt at dei meinte å spør om kjønn. Når det gjeld dei her ufødte ungane, så er det vel delvis fordi kjønn kanskje er den einaste informasjonen folk eventuelt har. Dermed framstår det kanskje som det einaste spørsmålet å stilla.

Men alvorleg talt, når ein møter eit nytt menneske, er det ikkje meir nærliggande å spør kva personen heiter? Eg ser liksom for meg at eg, som nytilsett på Nordlandsforskning, hadde helsa på alle nye ved å ta dei i handa og spør om dei er kvinne eller mann? Det får meg til å tenkja på ein gamal barnesang som eg fann igjen i sangboka her om dagen:

Og når ei lita tulle i vogna sover søtt
mens mor er i butikken, så skal der dikkes støtt.
Men tenk Dem en grosserer i en bil ved en butikk,
om jeg stakk hue inn og ropte: “Dikkedikkedikk!”
Å – huttetuttetei!
Da ble det bråk, hu hei!
Og etterpå så ble det ikke greit å være meg!

Det einaste trikset for å unngå spørsmålet om kjønn er som kjnd å kle ungen kategorisk og utan tvityd i blått eller rosa, dongri eller plys, dødningehovuder eller pusekattar. For at det på denne måten ikkje skal herska tvil om livsviktige preserande spørsmålet om kjønnskategorisering.

Men dersom du klussar det til og bryt desse kodane, så blir det fullstendig forvirring i rekkene. I sommar var me ute og gjekk i fjæresteinane og møtte på ein voksenperson med eit sovande barn. Magnus hadde på seg den svært nyttige solhatten i badelycra, med brem og visir, som eg kjøpte til han i vår. Den er i rosa med lilla sjødyr på og går heime under namnet “fjollete solhatt”, gjerne forkorta “fjollete”. Vel, personen med ungen prata litt med oss og omtalte Magnus automatisk som ho. Ikkje noko stort problem det. Men når me snakka om han sjølv bruka me, utan å gjera noko nummer av det, pronomenet “han”. Det høyrde ho ikkje. Eg nemnte eg at ungen heiter Magnus. Ho såg forvirra ut og bad meg gjenta namnet. Mangus, ja. Då ho likevel slo utrykkeleg fast at me her stod med “to fine jenter!” så sa eg at ungen, han som heng her på magen i bæreselen, er ein gut. “Har du ein unge til i magen?” spurte ho overraska. Nei, nei. Ungen her, han her, heiter Magnus. Det er ein gut. Då ville orsakingane inga ende ta. Ein kunne få inntrykk av at det er ekstremt fornærmande å ta feil om kjønn.

Kjønn, altså. For å sitera ein informant i rapporten Skeiv på bygda: “Jeg er ganske kritisk til kjønn”.

boy or girl

Illustrasjonsbilde:

  • llustrasjonsbilde: Young Guy… av Lucas Hermann, CC BY-ND 2.0.
  • New Born Baby, http://inbetweenillustrations.tumblr.com/image/21581806562

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content