Om nokre få timar er det nøyaktig 2 år sidan Magnus vart fødd. Hurra for han, og gratulerer så mykje med dagen til ungen! Magnus er eit fantastisk lite menneske som er jysla kjekke å vera i lag med. Me har feira 2-årsdag i dag med 15-20 medlemmar av den utvida familien. Jubilanten har kost seg og sovna heilt utsliten i mammaen og pappaen si seng.
Det siste 3 tre åra, som først gravid og så småbarnsforelder, oppsummerer eg slik på denne dagen:
- Gravid og første året med barn var mest intenst og oppslukande. Det kom mellom anna til uttrykk i form av ei endelaus rekke bloggar om gravid- og foreldrerelaterte spørsmål som amming, foreldrepermisjon og så bortetter. Siste året har eg stort sett skrive om alle andre ting som interesserer meg, og det trur eg er heilt symptomatisk.
- Eg fungerer betre og er i betre humør når eg søv samanhengande gjennom heile natta. Ungen sov dårleg første del av livet, men det gjekk seg til mellom 1 og 1 1/2.
- Eg likar å jobbe og elskar barnehagen. Magnus elskar også barnehagen sin.
- Eg trur at Marius og eg er gode nok foreldre, og det gjer meg ganske trygg i rolla.
- Det er stadig meir festleg og mindre stress å vera forelder ettersom tida går. Han har allereie blitt ein fin liten turkompis som gjerne tek initiativ til å brenna bål.
Eg gler meg til å få ta del i at ungen opplever og lærer stadig meir om verda – både om natur og folk!