Gruppesesjon om kollektive metodar

Det er på høg tid med kollektive kvalitative metodar i akademia. På nyåret arrangerer eg derfor ein gruppesesjon ved Norsk sosiologforenings vinterseminar 31. januar til 2. februar 2025. Du treng ikkje vera sosiolog for å vera med!

Eg oppfordrar deg til å tenkja fritt og kreativt når du sender inn bidrag, men føreslår desse to moglegheitene:

  1. Har du erfaring med ein kollektiv arbeidsmåte eller metode som du har lyst til å dela og diskutera? Fortel oss om dine erfaringar!
  2. Har du eit datasett du skal gå i gang med å analysera? Då kan du få høve til å testa ein kortversjon av kollektiv kvalitativ analyse (Eggebø 2020; Eggebø og Staver 2024). Gruppa blir med på analyse av dine data, og kanskje blir dette eit heidundrande startskot for analysearbeidet ditt

Til inspirasjon kan eg nemna artikkelen «Kollektiv kvalitativ analyse» (Eggebø 2020), kor eg inviterte til å ta del i utviklinga av kollektive analyseformer. Eg har også skrive om andre kollektive arbeidsmåtar som «skriveseminar»«skrivetid saman»«kvalitativ samtaleserie» og «dagen for avviste artiklar».

Dersom du har lyst til å bli med sender du ditt forslag til bidrag direkte til jobbeposten min innan 1. desember (eller be fint om nåde dersom du ikkje heilt rekk fristen): heg@nforsk.no Dersom du er interessert, men usikker på om du har noko å melda kan me ta ein prat. Ring meg på 92 43 64 79.

Programmet og formatet vil bli utforma i dialog med dei som sender inn bidrag.

Bli med! «Dette blir jysla løye!» som me seier på Sandnes.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content