Barn eller asylsøkjar?

Å vera forkjempar for barns rettar har lenge vore ein viktig del av av Noregs rolle internasjonalt. Den sittande regjeringa bryt med denne tradisjonen: i FN jobba Noreg for å få fjerna setninga: “Furthermore, we commit never to detain children…”. Ein vil altså at det skal vera rom for å fengsla barn – nærare bestemt asylsøkjande barn.

I norsk rett er det klart og tydeleg slått fast at barn som søkjer asyl har sjølvstendige rettar og at barnets beste alltid skal vera eit grunnleggjande omsyn. Barn som søkjer asyl har rett til å bli høyrd i asylsøka, og barn som søkjer asyl skal ikkje bli behandla dårlegare enn andre barn.

Derfor har asylsøkjande barn rett til å gå i barnehage (når dei er over 4 år) og dei har rett og plikt til å gå på skulen, på lik linje med alle andre barn i Noreg. Derfor skal alle asylsøkjande barn over sju år bli invitert til samtale med UDI for å få høve til å fortella om sin situasjon. Derfor skal ein alltid vurdera om ein barnefamilie, kor foreldra ikkje har krav på trygging, likevel skal få asyl fordi det er til barnets beste og fordi barna har sterk tilknyting til Noreg.

Slik er det ikkje i Danmark. Her blir asylsøkjande barn først og fremst sett på som asylsøkjarar og eit vedheng til foreldra. Her er grensekontroll klart overordna barns beste. Barns som søkjer asyl har ikkje rett på å gå på vanleg skule. I staden blir dei sendt på eigne skular for asylbarn. Skulane ligg langt utføre byen, dei har færre fag og færre timar og dei får ikkje noko formelt godkjend utdanning å ta med seg vidare i livet.

I Danmark blir heller ikkje barna intervjua i asylsaker. Asylsøkjande barn som kjem i lag med familien blir først og fremst sett på som eit vedheng til foreldra, og ikkje individ med sjølvstendige rettar. Barnefamiliar har heller ingen mogleglegheit til å få opphald på grunn av barnets tilknyting til riket (bare dersom det også er tungtvegande helsegrunnar). I Danmark er altså barn som søkjer asyl først og fremst asylsøkjarar, og hovudomsynet er å verna statens grenser.

I Noreg på den andre sida, har barn som søkjer asyl ei heil rekke rettar som barn, og skal i prinsippet behandlast likt som alle andre barn. Men praksis er ikkje nødvendigvis i tråd med desse prinsippa:

Også i Noreg kan “innvandringsregulerande omsyn” gå framføre barnets beste når asylsaka skal behandlast. Barn skal bli høyrd, men systemet fungerer ikkje optimalt og sjølv om barn blir høyrd er det ikkje sikkert det dei fortel blir tillagt særleg vekt i saka.

I mange tilfelle blir altså barn som søkjer asyl først og fremst sett på som søkjer asyl. Hovudomsynet er ikkje barns beste, men innvandringskontroll. Å fengsla barn i over 10 veker er eit ekstremt døme på dette.

Kjelde: The Status of the Asylum-seeking Child in Norway and Denmark: Comparing Discourses, Politics and Practices, av Kathrine Vitus og Hilde Lidén.

Illustrasjonsbilde: Smiling in Jerash av Omar Chatriwala, tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content