«Eg kjende meg ikkje lenger redd for å bli gamal»

Kvinna som sat framføre meg i godstolen hadde runda 90 år. I vindauga ved stolen stod grøne plantar på rekke og rad. Det var rosa Pelargonia og raude Begonia. «Eg kan ikkje klaga», svarte ho då eg spurde korleis ho opplevde det å bli gamal her i denne bygda. «Eg sit her og ser på utsikta og det er så vakkert å sjå innover dei grøne markene og dei raude gardsbygningane. Det er fint her. Og sjå kor vakre dei er, blomane i vindauga!»

Eg lytta og sa ingenting der eg sat i sofaen framføre ho. «Nei, eg kan ikkje klaga. Eg har hovudet, kan laga maten sjølv og så har eg den velsigna telefonen!» Ho såg ned på dei folda hendene i fanget. Golvklokka tikka, men elles var det stilt i rommet.

Eg hadde håpa eg skulle få høyra historier om det harde livet i tredveåra, og ungdomstida under andre verdskrig. Arne, den eldre mannen eg hadde intervjua nokre dagar tidlegare hadde fortald om oppveksten i Finnmark og evakueringa under andre verdskrig. No hadde eg lyst til å høyra livshistoria til denne kvinna også. «Eg er for gamal til slikt», svarde ho då eg spurde.

Ho snakka om kvardagen, om å lesa avisa om morgonen, sjå på småfuglane som åt solsikkekjerner på fuglebrettet, om å greia dusjen på eiga hand. Eg fekk også høyra mykje om blomane i vindauga og dei gamle rosebuskane utføre uthuset. Ho skulle gjerne hatt ei par av dei mørkeraude rosene i ein vase på stovebordet, men ho torde ikkje gå over det ulendte tunet på grunn av den eine hofta. Då ho gjekk inn på kjøkenet for å setta på kaffien smatt eg ut og skar av ein liten bukett og tok med inn. Ho smilte varmt til meg og det glitra i auga hennar då ho såg på buketten i krystallvasen.

Men den stille praten om blomane og utsikta og den tikkande golvklokka gjorde meg utålmodig. Målet med å vera her var å samla inn livshistorier frå hennar generasjon. Eg ville bakover i tid og framover i tid. Eg ville berre ikkje vera i det som var her og no. Eg hadde tekstar å skriva, forskingsprosjekt å gjennomføra. Eg var ganske frustrert då eg takka for intervjuet og køyrde heim. Dette kunne eg ikkje bruka til noko.

Det tok mange år etter at forskingsprosjektet var avslutta og artiklane publisert, før eg forstod kva eg kunne ha lært. Den eldre kvinna i gyngestolen hadde formidla ein lærdom om å vera til stades og takknemleg over det som augneblinken har å gje. Der livet skjer, det som er livet.

Dei siste åra hadde eg, som så mange andre på min alder, høyrd på diverse podcastar og delteke på kurs i «mindfullness». Eg hadde ikkje forstått at eg hadde hatt møtt så mange læremeistrar då eg farta rundt med opptakar og intervjuguidar. Eg måtte ty til amerikanske psykologar for å høyra etter.

Ein lys vårkveld sat eg i gyngestolen og såg på utsikta over Børvasstindane. I ein augneblink kjende eg meg gamal i kroppen og såg meg sjølv som ei gamal kvinne med mesteparten av livet med meg i bagasjen og langt mindre framtid i vente enn før. Som så mange andre av oss som er midt i livet har eg ofte blitt redd og uroleg av tanken på alderdom og død. Men akkurat då var eg ikkje redd, men roleg.

Morgonen etter, før eg gjekk på jobb, såg eg at tre av blomane på den rosa pelargoniaen akkurat hadde sprunge ut. Den sterke rosa fargen lyste. Eg har alltid syns at det er noko litt grelt med dei knallrosa fargane. Eg har sett føre meg gamle kvinner som puslar rundt blomane og plukkar vekk dei daude blada som alltid dukkar opp på pelargoniaplanten. Det må vel gå an å finna noko meir meiningsfylt å halda på med enn det? har eg tenkt med ei viss forakt.

Men plutseleg såg eg meg sjølv som ei eldre kvinne som steller med blomane i vindauga og gler seg over dei vakre farganeEg tok meg sjølv i å håpa på at eg skal få oppleva å bli ei gamal kvinne ein gong eg også. Då vil eg ha pelargonia i vindauga og kjenna på gleda over å knipa dei visne blada, og sola meg i skinet av dei sterke fargane. Akkurat då grudde eg meg ikkje til å eldast. Eg vil ikkje gå glipp av alderdomen. Eg vil ikkje døy tidleg. Når eg tenkte meg om vil eg ikkje la gleda over blomane i vindauga venta i 30-40 år. Sjansen til å oppleva slike små gleder over det som veks, gror og blomer, den ville eg gripa no.

Lynn Segal har peika på at det kan vera utfordrande å eldast. Det kan vera vanskeleg å takla sjukdom, tap og møte med døden. Ikkje minst er det vondt å bli konfrontert med straumen av fordommar og indre redslar som dei fleste av oss møter i alderdommen. Men i denne prosessen er er det mykje å læra av kva andre har å fortelja om prosessen. Kva skal til for å leva gode liv ettersom me eldest? Bli med på Lytring i Stormen bibliotek 23. september klokka 18.00 for å delta i samtale om livsglede, dødsangst og dei store eksistensielle spørsmåla.

Kronikken stod først på trykk i Avisa Nordland måndag 22. september 2025.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

1 thought on “«Eg kjende meg ikkje lenger redd for å bli gamal»”

  1. Pingback: 80 kronikkar i samling - Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content