Eldrebølgja

14,6 prosent av den norske befolkninga er over 67 år, og fram mot 2060 er talet venta å stiga til omlag 20 prosent. Med slike tal og framskrivingar opnar dei fleste forskingsrapportar og politiske dokument om eldre og eldreomsorg. Vidare følgjer gjerne tal som viser at ein stor del av utgiftene i helse- og omsorgssektoren går til personar over pensjonsalder, og at utgiftene er venta å auka i takt med ei aldrande befolkning. Både på folkemunne, i Statistisk Sentralbyrå og i stortingsmeldingar går den demografiske utviklinga under namnet “eldrebølga”. Ei bølgje – ein tsunami – som stig opp av havet, slår inn over lokalsamfunna og trugar med å drukna oss alle saman. Dette ser ut til å vera den vanlegaste metaforen for å skildra det faktum at dei fleste av oss i Noreg får lov til å leva eit langt liv.

Høge utgifter til helse- og omsorg. Skyhøge pensjonsutgifter. Korleis skal me finansiera velferdsstaten når stadig fleire av oss ikkje arbeider og stadig fleire vil få behov for omfattande helse- og omsorgstenester? Med slike fakta, problemstillingar og spørsmål blir dei av oss som har passert 67 definert som eit sosialt og politisk problem som politikarar og fagfolk må løysa, og som ei bør dei av oss som er yngre må bera på sine skuldrar. Ikkje rart at mange av dei av oss som har nådd pensjonsalder eller meir, ikkje vil bruka merkelappar som “gamal” eller “eldre” om seg sjølv.

I vår samtid er det ikkje alderdommens perspektiv og livsvisdom som gjeld. Det er ungdommen og den lytefrie kroppen  me feirer. Ser me ikring oss manglar det ikkje bilde av smilande kjendisar med rynkefrie og glatte anlete. Det manglar ikkje på tilbod om fjerna kroppens aldringsteikn med hjelp av kremar og kirurgi. Det manglar ikkje på råd om korleis du skal halda deg ung og sprek i både kroppen og hovudet. Framtidsvisjonar om å stansa aldringsprosessen og finna kjelda til evig ungdom er stadig å lesa om i både vekeblad og forsking.

I den eine episoden av TV-serien Helene sjekker inn, budde Helene nokre netter på sjukeheim. Alzheimers, lukta av urin i gangen, smatting og søling ved middagsbordet, utestenging og mobbing, å leggja seg einsam på rommet. Programmet teiknar eit bilde av det me kanskje alle saman fryktar ved det å eldast: Å bli avhengig av andre, å gløyma både notida og fortida. At ein skal bli redusert til ein hjelpetrengande gamling og ikkje bli sett og respektert for det menneske ein har vore og framleis er.

Eldrebølgje, krise i velferdsstaten, kampen mot kroppens aldringsteikn og redsla for avhengigheit og gløymsel. Spørsmålet er om det går an å fortella andre historiar om å eldast. Andre fortellingar enn eldrebølgja, velferdskrisa og Hollywood-stjernenes evige ungdom. Som Lynn Segal skriv i boka “Out of time. The pleasures and the perils of ageing”: Det er ikkje lett å vera i vår eigen alder, medan me eldest. Det er forvirrande. Og det kan vera vanskeleg å takla strømmen av fordommar og indre redslar som dei fleste av oss blir konfrontert med i alderdommen. Men i arbeidet med å takla sjukdom, funksjonstap og møta døden, så er det mykje å læra av kva andre har å fortella om den prosessen, skriv Segal (s 152).

Eg trur Segal har rett i at det er mykje å læra av dei som har gått vegen framføre oss. Nettopp derfor syns eg det er eit tankekors at så mykje av forskinga på aldring og eldreomsorg tek utgangspunkt i perspektivet til politikarar og profesjonelle, og deira forståing av aldring som samfunnsproblem. Ikkje perspektivet til dei av oss som lever alderdommen. Sjølv er eg så heldig at eg nett har fått vore med på eit forskingsprosjekt der me har snakka med 26 eldre i Steigen og Tana om korleis det er å bli gamal. Det har vore eit privilegium å få prata med så mange menneske om livet – og alt det livet har hatt og framleis har å by på av gleder og sorger, moglegheiter og utfordringar, fellesskap og einsemd. Perspektivet til dei av oss som har levd det meste av livet, er eit litt anna enn perspektivet til dei av oss som står midt oppi det heile. Det å ta ein annan sitt perspektiv er nøkkelen til å forstå litt meir av kva det vil seia å vera eit menneske.

Illustrasjonsbilde: 0028 005 – Version 2, av Gary Pearce, CC BY 2.0.

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content