Over heile Europa blir omsynet til integrering brukt som eit argument for å stramma inn regelverket for familieinnvandring. Nye vilkår som slik som høge inntektskrav, språk- og integreringstestar, høge aldersgrenser og tilknytingskrav, er innført i ei rekke europeiske land dei siste åra. Men spørsmålet er om slike krav fører til bedre integrering.
Sammen med Jan-Paul Brekke ved Institutt for samfunnsforskning har eg skrive rapporten «Family migration and integration: A literature review», på oppdrag fra Justis- og beredskapsdepartementet. Forskinga me har gått gjennom viser at det finst svært lite dokumentasjon på at strengare vilkår for familieinnvandring gir betre integrering.
Når integreringsargumentet er så avgjørende for innføring av strengare reguleringar, må me kunna venta at ein undersøkjer og dokumenterer at reguleringane faktisk har ein sånn effekt. Førebels har ein sett lita interesse for slike undersøkingar frå politikarar i Europeiske land.
Det som er godt dokumentert er at strenge vilkår for familieinnvandring fører til at færre søkjer og at fleire får avslag. Eit typisk døme i den norske konteksten underhaldskravet, som no er på ca 250.000 i året. Da det vart skjerpet i 2008 førte det til ei kraftig auke i talet på avslag. Dette rammer unge, kvinner og etniskeminoritetar hardast, ettersom dette er grupper som i snitt har lågare lønn og svakare tilknyting til arbeidsmarknaden.
Strengare reguleringar, færre søknader og fleire avslag fører til at familiar blir splitta. Forskning frå USA, Canada og Storbritannia dokumenterer at det å bli skild frå familien sin har svært alvorlege konsekvenser for dei det gjeld. For flyktningar si psykiske helse har det like negative konsekvensar som traumatiske hendingar som å bli fysisk angripen. Ektepar som blir tvungne til å leva i kvart sitt land, eller at den eine konstant risikerer å bli deportert, opplever store emosjonelle, praktiske og økonomiske utfordringar. Barn som blir skild frå ein av foreldra strir med angst, uro, åtferdsproblem og det har alvorlige negative konsekvenser for livskvaliteten og moglegheita til integrering.
Det kan tenkjast at slike svært negative konsekvensar for barn, ektefellar og familiar, er ein pris politikarar er villige til å betala. Streng politikk fører nemleg til at det kjem færre familieinnvandrarar samla sett. Og familieinnvandrarar er ei gruppe som har lågare arbeidsmarknadsdeltaking enn arbeidsinnvandrar (men høgare enn flyktningar og store variasjonar mellom ulike grupper familieinnvandrarar). Det vil seia at fleire arbeidsinnvandrar relativt til familieinnvandrarar vil gje høgare sysselsettingstal i statistikken for innvandrarbefolkninga.
Ei norsk studie frå 2010 har dessutan vist at inntektskravet for familieinnvandring førte til litt høgare deltaking på arbeidsmarknaden på kort sikt for den gruppa som var omfatta av kravet frå 2003. Det peiker i retning av at slike vilkår for familieinnvandring kan føre til bedre integrering på arbeidsmarknaden for nokre grupper.
Men på den andre sida har du studie som syner at slike insentiv til å jobba meir kan pressa folk til å ta dårleg betalte jobbar i stedet for å investere i utdanning. I så fall vil konsekvensen på lengre sikt kunne vera at folk faller ut av arbeidsmarkedet. Kunnskapsgjennomgangen viser nemleg at investering i utdanning er ein avgjerande faktor for arbeidsmarkedsintegrering på lang sikt. Tilgang til utdanning og språktrening vil dermed kunna vera eit vel så målretta tiltak for betre integrering.
Mesteparten av forskinga på familieinnvandring og integrering handler om deltaking på arbeidsmarknaden. Dette er ein viktig dimensjon ved integrering, men andre dimensjonar, sånn som politisk deltaking, tilgang til boligmarknaden, utdanning, å kjenna at ein høyrer til, kulturell integrering og identitet er også viktig. Når det gjeld slike dimensjonar, og ikkje minst korleis integrering på ulike områder virkar saman, er der mykje mindre forsking.
Kjelde: Family migration and integration: a literature review
Illustrasjonsfoto: BROTHERLY. av PROiDJ Photography, CC BY-NC-ND 2.0.