Far eller medmor?

For ei tid tilbake hadde eg mitt første møte med svangerskapsomsorgen. Det syns eg var strålande opplegg. Då jordmora fylte ut helsekortet spurde ho: “Er der ein far eller ei medmor inni bildet?”

Eit heilt ope spørsmål der ein får høve til å svara til dømes 1) nei, 2) ja, far eller 3) ja, medmor. Eit spørsmål i staden for ein antakelse om ein partnar av eit bestemt kjønn. Dermed blir me alle sparte for å måtta “koma ut av skapet” ved å korrigera eventuelle feilaktige antakelsar.

Som eg skreiv i eit anna innlegg nettopp: Dei av oss som lever ope skeivt blir alt for ofte tvungne til å gjera eit nummer ut av det. Ein bryt med det «normale» og dermed «koma ut» kvar gong ein møter nye folk. Å vera åleine med barn kan også vera eit brot med norma, som avkrever at du stadigvekk forklarer deg.

Derfor er dette enkle opne spørsmålet og dette enkle alternativet i helseskjemaet så viktig. Som eg har lært av dyktige samarbeidspartnarar i Rosa kompetanse: Inkluderande språk treng ikkje vera særleg vanskeleg.

Kanskje heterohelvete rett og slett er på vikande front? tenkte eg optimistisk i det eg gjekk ut døra.

Les også:

Illustrasjonsbilde: digitsb+w av Kevin Muir Follow, CC BY-NC-ND 2.0

Innlegget ble først publisert på Maddam.

2 thoughts on “Far eller medmor?”

  1. Pingback: Default foreldrepermisjon - Helga EggebøHelga Eggebø

  2. Pingback: Tilbakeblikk 2016 - Helga EggebøHelga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content