Endeleg var dagen der som me har venta på så lenge. I går tok me over det nye huset i Sjøåsan. Dei siste vekene har me pakka, rydda og venta.
I går ettermiddag fekk me heile lasset inn i huset, med god hjelp av familie, vener og kollegar, og no er flyttekaoset komplett!
Dette er altså aller første versjon av “Heime hjå Helga, Marius og Magnus”. Eg lovar ny og oppdatert versjon så snart me eignar oss for ein reportasje i “Maison”. Eller kanskje litt før.
Steggveien 14 kor me har budd det siste året er no pakka, rydda og forlatt. Det einaste me kjem til å sakna derifrå er våre fantastiske naboar, vener og Magnus sin dagmamma Catherine, Roberte, Ruben og Marianne. Dei kjem me til gjengjeld til å sakna veldig! Me har ikkje flytta så langt, men det er alt noko heilt eige med å kunne besøka kvarandre i sokkelesten og treffast på lekeplassen utføre huset kvar einaste dag.
Men no er det altså nytt kapittel av livet i Bodø og slik ser det livet ut nett no:
Foto: Helga Eggebø